Store Smørstabbtinden m. fl. (07.07.2017)  5

Written by Hommpbollen (Tor)

Start point Krossbu (1,258m)
Endpoint Krossbu (1,258m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 04min
Distance 14.6km
Vertical meters 1,299m
GPS
Ascents Veslbreatinden (2,092m) 07.07.2017 11:31
Store Smørstabbtinden (2,208m) 07.07.2017 14:25
Storbreatinden (2,018m) 07.07.2017 15:50

Så var det endeleg klart for den årlege fjellturhelga med Jon Kristian og Arve - etter ein pause på ca 2 års tid. Sjølv om vi kom oss noko seint i gong, blant anna som følgje av at Arve haldt 40km/t heile vegen over Sognefjellet, gjekk alt etter planen.

Parkering ved Krossbu.

Frå Krossbu følgde vi stien inn mot ryggen til Store Smørstabbtinden. Her haldt vi oss på fjellryggen til venstre for Leirvatnet. Deretter følgde vi høgre (vest) sida av fjellet. Det var stort sett sti utan problem.

Utsikt til Store Smørstabbtinden.

Stort sett greitt å gå over snøen.

Frå toppen var det glimrande utsikt frå toppen til Kniven, Storebjørn med fleire. Vi kom og over ein sekk som nokon hadde lagt frå seg etter å ha gått vidare mot Kniven. Eg og Arve diskuterte kort om vi skulle flytte alt innhaldet i sekken over på andre sida (og gjere han spegelvendt), men vi slo det fort frå oss. Seriøse Sørmo sørgde for det.

Utsikt til Kniven.

Utruleg vakre menneske på tur

Etter ein kort pause vart det full peising nedatt mot Storbreatinden. Herfrå gjekk det i slakt terreng oppover, og frå foten av Store Smørstabbtinden brukte vi i underkant av ein halv time.

Flott utsikt mot Store Smørstabbtinden.

Etter ein pause på vel 5 minutt gjekk vi vidare skrått mot Veslbreatinden. Det brukte vi ca. ein halv time på. Noko snøflekkar måtte forserast, noko som gjekk stort sett greitt - til tross for litt banning frå mi side. Det var ein del ræva råten snø der.

Returen gjekk i bein luftlinje mot Krossbu. Da sprang vi stort sett på snø i nedoverbakke. Prøvde å sigle på ræva ved eit par anledningar, men snøen var så råten at det gjekk heller dårleg.

Turen vart avslutta med eit vaksent sjøslag til tonane av black metal. I følgje Jean innebar kvelden eit lærerikt kurs i musikkhistorie. Likevel gjekk fyren og la seg så tidleg som kl 02 - og det sjølv om kveldens førelesningar (og diskusjonar) var langt ifrå over. Makan!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.