Gruvletinden (11.06.2017)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Lykkjevatnet (865m)
Endpoint Ivlungsvotni (980m)
Characteristic Hike
Map
Ascents Gruvletinden (1,152m) 11.06.2017
Ivlungsknuten (1,070m) 11.06.2017
Aust for Øyuvsbu (1,065m) 11.06.2017
Aust for Øyuvseggen (1,092m) 11.06.2017

Etter å hatt Med saueflokk til Langeidheia denne helga skulle me på sundag gå ein kortare veg tilbake til Brokke - Suleskardvegen ved Kvislevasskardet. Vakna opp til ein grå morgon me skodd og yr, men det letta heldigvis utover føremiddagen. Me fekk heile 13 fisker i garnet i løpet av natta. Me steikte nokre av dei og åt til frukost, og resten tok me med heim. Etter denne solide frukostmiddagen gjekk me nordvestover og fulgte T-stien frå Gruvledalen til Steinbutjørnin. Eg tok ein avstikker over Gruvletinden mens dei andre fulgte T-stien. Frå Steinbutjørnin går ein annan sti så me fulgte til Kvislevasskaret der Asbjørn hadde parkert og me kjørte så ned til Håhellervatnet der me andre hadde parkert våre biler.

Asbjørn sløyer alle fiskane sundag morgon.
Asbjørn sløyer alle fiskane sundag morgon.
På veg nordvestover med Gruvletinden i sikte.
På veg nordvestover med Gruvletinden i sikte.
Fant eit lerkereir med 4 egg.
Fant eit lerkereir med 4 egg.
Liten pause ved Gruvledalstjønni.
Liten pause ved Gruvledalstjønni.
Gjekk opp til Gruvletinden i renna midt i bildet.
Gjekk opp til Gruvletinden i renna midt i bildet.
Varden på Gruvletinden med Reinshornheii i bakgrunnen rett bak varden.
Varden på Gruvletinden med Reinshornheii i bakgrunnen rett bak varden.
Nordover mot Svarvarnuten i det fjerne rett bak varden.
Nordover mot Svarvarnuten i det fjerne rett bak varden.
Ned mot Kvislevasskaret.
Ned mot Kvislevasskaret.

Etterpå kjørte eg opp igjen til Ivlungsvotni og parkerte ved Øyuvsbuparkeringa og gjekk ein liten tur på 3 småtopper rundt Øyuvsbu.

Trigpunktet på 1070-toppen aust for Øyuvsvatnet kalt Ivlungsknuten.
Trigpunktet på 1070-toppen aust for Øyuvsvatnet kalt Ivlungsknuten.
Utsyn vestover Øyuvsvatnet.
Utsyn vestover Øyuvsvatnet.
På 1092-toppen aust for Øyuvseggen.
På 1092-toppen aust for Øyuvseggen.
Knutstjørna med Brokke - Suleskardvegen langs nordsida.
Knutstjørna med Brokke - Suleskardvegen langs nordsida.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.