Med sauedrift til Langeidheia (10.06.2017)

Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Startsted Håhellervatn (870moh)
Sluttsted Lykkjevatn (865moh)
Turtype Fottur
Turlengde 31t 00min
Kart
Bestigninger Reinshornheii (1161moh) 10.06.2017

Var med Asbjørn, Morgan, Endre og Odd Einar for å jaga sauaflokkane deiras til Langeidheia i Setesdal Vesthei. Det var 3 flokker på i alt 514 sauer og lam, 214 til Asbjørn og 2 andre flokker på 150 i kvar som skulle til heis denne helga. Asbjørn hadde med dei 3 hundane sine til å halde kontroll på sauene. Me gjekk frå skiljegardene vest for Håhellervatnet kl 10 fredag og gjekk sørover Hytteheii over heilårsbru ved Rågeloni. Vidare søraustover forbi nordenden av Monsvatnet til Vidalega der me hadde overnatting til dagen etter.
Me hadde 3 pauser underveis og ein plass lagde me bål og grilde pølser. Det regna mesteparten av tida, særlig siste del av dagen, men stilt og mild temperatur. Det var to krevjande elvepasseringar rett før Vidalega. Greit å steingå for oss tobeinte, men dei firbeinte har litt meir vannskrekk så det tok litt tid å få alle over. Klokka var ca 23.30 då me kom til Vidalega. Der hadde heiasjef Matningsdal kokt stor gryte med frikasse så me fekk ete oss gode og mette før me la oss til å sove i gjetarhytta.

Fyrste bekk skal krysses sør for Håhellervatnet.
Fyrste bekk skal krysses sør for Håhellervatnet.
Dette er like ved Brokke - Suleskarvegen.
Dette er like ved Brokke - Suleskarvegen.
Sørover Hytteheii.
Sørover Hytteheii.
Åna mellom Rågeloni og Øyarvatnet skal krysses.
Åna mellom Rågeloni og Øyarvatnet skal krysses.
Fin bru å gå over. Morgan passer på.
Fin bru å gå over. Morgan passer på.
Fleire litt utfordrande bekkekryssinger.
Fleire litt utfordrande bekkekryssinger.
Asbjørn sin styrkjedrikk.
Asbjørn sin styrkjedrikk.
Nordenden av Monsvatnet der me hadde pause i 20-tida.
Nordenden av Monsvatnet der me hadde pause i 20-tida.

Neste dag jagde me sauene vidare austover gjennom Videdalen, Tindedalen og Moltedalen til Lykkjevatnet. Eg tok ein avstikker oppom Reinshornheii og nådde dei andre igjen mellom Tindevatna. Lettare ver denne dagen men lite utsikt frå Reinshornheii. Om kvelden satte me ut garn i Lykkjevatnet og fisken gjekk i garnet ein etter ein. Fekk og ein på stong. Halte inn 3 fisker om kvelden og hadde garnet uti natta over. Etter ein god middag la me oss i 23-tida. Dagen etter gjekk eg over Gruvletinden.

Gjetarhytta på Vidalega.
Gjetarhytta på Vidalega.
Varden på Reinshornheii.
Varden på Reinshornheii.
Glimtvis litt utsikt frå Reinshornheii.
Glimtvis litt utsikt frå Reinshornheii.
Pause på nordsida av Austre Tindevatnet.
Pause på nordsida av Austre Tindevatnet.
Austre Tindevatnet.
Austre Tindevatnet.
Meg på veg ned Moltedalen mot Lykkjevatnet.
Meg på veg ned Moltedalen mot Lykkjevatnet.
Rype sør for Lykkjevatnet.
Rype sør for Lykkjevatnet.
Me jagde sauene hit til sørsida av Lykkjevatnet.
Me jagde sauene hit til sørsida av Lykkjevatnet.
Vading over åna i vestenden av Lykkjevatnet.
Vading over åna i vestenden av Lykkjevatnet.
Gjetarhytta ved Lykkjevatnet.
Gjetarhytta ved Lykkjevatnet.
Satte ut garn i ei vik i vestenden av vatnet.
Satte ut garn i ei vik i vestenden av vatnet.
Halvmeter lang aure teken på stong.
Halvmeter lang aure teken på stong.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.