Opptur 8.kl. Tippaskaret - Blåsvednyken - Fossane, Eid, 909 (08.06.2017)

Written by irelun (Irene Lunde) GSM

Map
Ascents Blåsvednyken (909m) 08.06.2017
Visits of other PBEs Fossane (630m) 08.06.2017
Første gongen Eid var med på Opptur. Arrangementet er for 8.klassingar. Frå EUS var det med omlag 70 elevar + vaksne. Eg var med som representant frå DNT/MNT. Vi fekk sponsa buss ut på Harpen av MNT :)
Turen gjekk frå Tippasætra over Tippaskaret. Fin sti i starten og på slutten, men både sti og merking var vekke over myrane... Gjekk likevel greitt å finne vegen. Ole Johan underheldt med meir eller mindre sanne historiar!

Vi hadde matpause på Tippaskaret, før vi delte oss: litt under halvparten gjekk opp på Blåsvednyken, medan resten gjekk rett til Fossane.

På Fossane var det grilling og litt bading, før vi gjekk samla ned att til skulen. Flott dag, sjølv om vi fekk ein del vind og regn på toppen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.