Rindal/Surnadal: Gardfjellet og Gråhaugen (02.07.2017)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Folddalen (480m)
Endpoint Folddalen (480m)
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 18min
Distance 8.8km
Vertical meters 748m
GPS
Ascents Gardfjellet (975m) 02.07.2017
Inner Slompen (857m) 02.07.2017
Slumpan (871m) 02.07.2017

To toppar rett under 100m-grensa. Greitt å plukke med når ein er i området. Hadde lite info, men satsa på ryggen opp sør for Kvernbekken. Til mi store glede var veret bedre enn frykta, og i tillegg var det sti opp til Gardfjellet. 45 min opp dit i bra driv. Vidare over Inner Slompen og til Gråhaugen. Såg Lise og Vinjar som rusla nede på demninga. I Slumpskaret stod det skilt med nettopp Slumpskaret på. Ein sti førte meg nedover den bratte sida der. Denne mista eg etterkvart og gjekk på måfå mot parkeringa igjen. Utruleg nok gjekk eg meg på ei fuglekasse midt i bukkemarka. Kikka nedi berre ein unge igjen. Svart kvit flugesnappar. Truleg ein ihuga ornitolog som held til i området. Fin og enkel runde over desse 3 toppane. Anbefaler å gå Gardfjellet først sidan stien ned er vanskelegare å finne og halde.

Merka til Gardfjellet opp ryggen sør for Kvernabekken
Merka til Gardfjellet opp ryggen sør for Kvernabekken
Frå Gardfjellet mot Inner Slompen og Gråhaugen
Frå Gardfjellet mot Inner Slompen og Gråhaugen
Frå Inner Slompen mot Gråhaugen
Frå Inner Slompen mot Gråhaugen
Nordover frå Gråhaugen
Nordover frå Gråhaugen
Frå Gråhaugen mot Inner Slompen og Gardfjellet
Frå Gråhaugen mot Inner Slompen og Gardfjellet
Gråsjøen, Foldsjøen og Tindfjellet
Gråsjøen, Foldsjøen og Tindfjellet
Fuglekassa midt i svartaste bukkemarka. Ein unge igjen, svart kvit flugesnappar. Det vaksne paret var ivrige rundt meg, det var utflyttingsdag.
Fuglekassa midt i svartaste bukkemarka. Ein unge igjen, svart kvit flugesnappar. Det vaksne paret var ivrige rundt meg, det var utflyttingsdag.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.