Svarthaugen - fullført Gausdalsliste (02.07.2017)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

GPS
Ascents Svarthaugen (1,018m) 02.07.2017 12:51
Sekken (989m) 02.07.2017 14:25
Påsån (967m) 02.07.2017 14:39
Roasetervegtoppen (977m) 02.07.2017 14:52
Storhaugen ved Tverlikampen (973m) 02.07.2017 15:20

Tre korte turar

Svarthaugen

På Svarthaugen, Gråhøin ses såvidt
På Svarthaugen, Gråhøin ses såvidt

Den først turen gjekk vi på Svarthaugen frå setra nord for Svarttjønnet. Brukte om lag ein time opp og ned. Vi følgde saueråk opp og ned, så det var betre å gå enn forventa. Også utsikta var noko betre enn eg hadde venta, vi såg både Gråhøin og Djuptjernkampen. Dette var den siste toppen min på Gausdal +100pf. Første topp var Djuptjernkampen for nesten 25 år sidan (15.7.92), førre topp på lista var Trettehøgda for nesten tre år sidan (26.10.14).

Sekken og Blåbærhaugen

På Blåbærhaugen, eller Storhaugen ved Tverlifjell, som den også heitar
På Blåbærhaugen, eller Storhaugen ved Tverlifjell, som den også heitar

Dei to andre turane samla vi på toppar på Gausdal +50pf-lista. Den første av dissa turane gjekk vi frå bommen ved Roasetra, og på Sekken, Påsån og Rosetervegtoppen. På denne turen vart vi nesten plaga livet av, av innpåslitne fluer og andre innsektar. Den siste turen vi gjekk var riktig stutt, då gjekk vi på Storhaugen ved Tverlikampen, som på kartet også heitar Blåbærhaugen.

Utsikt frå Sekken mot Espedalsvatnet og Gråhøin
Utsikt frå Sekken mot Espedalsvatnet og Gråhøin
Gråhøin frå Blåbærhaugen. Sjugurdsjøpiggen langt bak til venstre
Gråhøin frå Blåbærhaugen. Sjugurdsjøpiggen langt bak til venstre

User comments

  • -
    avatar

    Svarthaugen

    Written by repelo 03.07.2017 06:52

    Gratulerer med fullført Gausdalsliste. Det var på tide!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.