Møre og Romsdal pf 100 1037/1156
Lise gjekk denne turen først, Vinjar og eg sykla etterkvart innover mot Jøldalshytta. Etter mykje spel og morro der inne gjekk vi Lise i møte. Fulgte hennar tips om rutevalg til Rindhatten. Det er lurt å gå mot skaret sør for Tovdalsberga og følge sørsida av Åkerdalen nedover. Der ligg snøen lenge, og vegetasjonen er fråværande. Så er det greitt å berre trakke seg over flataste myra utan å tenkje på å gå oppe i sida, der er det lyng og elende. Elvane var store og det førte til kryssing med sko på, berre å hoppe uti. Akkurat dette likar eg, nærmast villmarksfeeling på denne turen. 3-4 skikkelege kryssingar kvar vei, herleg! Folketomt på denne flotte toppen i Trollheimen. siste besøk var 16 april utfrå boka som ligg i ei plastflaske godt gjøymt i varden. Ok, dette er kanskje først og fremst ein skitur, men det er flott å gå hit på sommarstid om du likar turar utanfor raudmåla, svarttrakka gjørmehol av nokre stiar. Supertur!
User comments