Hornindal/Ørsta: Sandfjellet og Tussa (28.06.2017)

Written by Freeflex (Ragnar Liaskar) GSM

Map
Ascents Hatten (1,372m) 28.06.2017
Sandfjellet (1,177m) 28.06.2017
Tussa (1,377m) 28.06.2017

Kjempekveld i nydeleg sommarvær!

Starta ved skilting til Sandfjellet litt etter Hjortedalssætra. Sti og solid merking heile vegen til topps. Flott utsyn frå 1177, men utsikta nordover naturlig nok sperra av blant anna neste turmål, Tussa.

Vegen vidare var mykje vading i snø såpass tidlig på sommaren, men den var fast på kveldinga so baud ikkje på problem. Oppe på sjølve Tussa og naboen Hatten nokre få hundre meter lenger mot vest er utsynet mot heile Storhornmassivet og då spesielt Rokkekjerringane meget flott. Ein undervurdert topp eg sjeldan høyrer folk er innom og få er registrert med besøk på PB også.

Tilbake i skaret var eg sjeleglad for merking ned glatte sva og sva med vassføring og svært tvilsamme snøbruer. Med kvite prikkar og kvite piler kunne ein ikkje gå feil ned til det lågaste av Tussevatna på 848m.
Utsikt frå Hatten mot Rokkekjerringane. Lenger bak i bildet ser ein mellom anna Jakta og Råna.
Utsikt frå Hatten mot Rokkekjerringane. Lenger bak i bildet ser ein mellom anna Jakta og Råna.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.