Heilhornet (22.06.2017)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 5h 46min
Distance 10.6km
Vertical meters 955m
GPS
Visits of other PBEs Heilhornet p-plass (91m) 22.06.2017 19:16

Denne gongen vart det berre nesten. På ferietur i nordnorge kom vi over denne forlokkande toppen. Ein finfin fjelltur blei det, i ukjende omgjevnader :)

Nær toppen motte vi ned i eit skar, og over ein egg knapt ein meter brei. Ein bolta kjetting var til hjelp i denne overgangen. På siste bratte partiet forsvann raudmerkingane delvis inn i ei bratt snøbru. Vi vurderte det litt usikkert å gå på dei store blokkene ovanfor. Fallhøgda ned til breen/snøbrua (som ein ser på biletet) er betydeleg, og ei utgliding kunne bli livsfarleg.

Eit følge på 3 unge kom listande rundt ei stor blokk med lite å halde seg i. Dei meinte at dette var lett. Eg sjølv vil heller gå ei gong seinare på året, når snøen har smelta meir. Ja om eg kjem på dei kantar ei annan gong.

Det var i alle høve ein svært fin tur :)

Heilhornet
Heilhornet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.