Store Ble (17.06.2017)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Bletoppen (1,342m) | 17.06.2017 12:58 |
---|---|---|
Fosskardnuten (1,253m) | 17.06.2017 13:49 | |
Nystulnuten (1,329m) | 17.06.2017 14:14 | |
Flesebekkble (1,272m) | 17.06.2017 15:20 | |
Bledalsrinden (1,306m) | 17.06.2017 16:36 | |
Visits of other PBEs | Kongsberg (200m) | 17.06.2017 09:42 |
Blefjell Parkering (710m) | 17.06.2017 10:43 | |
Brørsteinene (1,270m) | 17.06.2017 14:48 |
Bletoppen
Vi vakna tidleg opp, og pakka saman teltet. Vi køyrde den stutte vegen til Sundhaugen mellom Eikeren og Fiskumvannet, der åt vi frukost på ein badeplass. Etter frukosten køyrde vi vidare til Blefjell, via Kongsberg. Vi tok av frå riksveg 37 ved Helleberg, og køyrde inn til parkeringa. Råket frå parkeringa var veldig bra og godt merka. Vi gjekk opp Langedalen og opp på Bletoppen.
Nystulnuten
Derifrå hadde vi tenkt til å følgje råket til Nystulnuten, men ved høgde 1275 klarte vi å gå av råket. Vi kom ned til Bletjønnan, der fann vi ut at vi skulle gå oppom og registrere Fosskardnuten. Oppe på Fosskardnuten bygde vi ein varde. Vidare gjekk vi rett mot Nystulnuten, dei første 40 høgdemetrane var bratte. Etter å ha vore på Nystulnuten gjekk vi til Brørsteinene, og vidare til Fleseblekkble.
Bledalsrinden
Derifrå gjekk vi tilbake til råket, som vi følgde heile vegen til vi gjekk av opp mot Bledalsrinden. Frå Bledalsrinden skrådde vi ned att i Langedalen, og gjekk same rute tilbake til bilen. Ein flott tur, i eit strålande sommar vær. Etter turen køyrde vi vidare forbi Rjukan, mot Skinnarbu Naturparkhotell ved Møsvatn. Der åt vi middag og overnatta.
User comments