Svarttjernshøgda, Mørkgonga og Gyrihaugen (16.06.2017)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

GPS
Ascents Svarttjernshøgda (716m) 16.06.2017 16:12
Gyrihaugen (682m) 16.06.2017 19:09
Visits of other PBEs Bristol (531m) 16.06.2017 15:44
Mørkganga parkering (115m) 16.06.2017 17:51
Mørkganga (550m) 16.06.2017 18:31

Svarttjernshøgda

GPS-sporet frå turen på Svarttjernshøgda
GPS-sporet frå turen på Svarttjernshøgda
Kristine på Svarttjernshøgda
Kristine på Svarttjernshøgda

Kristine og eg hadde langhelg denne helga, og vi hadde lyst til å ta ein større tur. Etter å ha sjekka vêrmeldinga, og funni eit godt tilbod på Skinnarbu Nasjonalparkhotell, la vi turen i retning Telemark. Vi køyrde i vegen frå Hamar litt ut på formiddagen. Vi hadde to hyggelege stopp på Stange, før vi kom i vegen mot dagens første tur; Svarttjernshøgda, kommunetopp i Jevnaker. Vi køyrde forbi den Peakbook-registrerte parkeringsplassen, og parkerte ved ein koseleg hytte. Kort tur opp på toppen. Råket opp var bra, men veldig vått.

Mørkgonga og Gyrihaugen

På Gyrihaugen, med utsikt utover Steinsfjorden og Tyrifjorden
På Gyrihaugen, med utsikt utover Steinsfjorden og Tyrifjorden
Migartjern
Migartjern

Vidare køyrde vi tilbake til Jevnaker og vidare i retning Hønefoss. Vi tok av ved Eggemoen flyplass, og køyrde mange småvegar til Elvika ved Steinsfjorden. Der parkerte vi på Mørkegonga parkering. Målet for turen var Mørkegonga og Gyrihaugen. Råket opp til Mørkegonga var temmeleg bratt og litt laust. Opp Mørkegonga var det veldig blautt, så det var godt å ha vaieren å halde i. Oppover mot Gyrihaugen tok vi ein pause ved Migartjern. Vi gjekk ned igjen same veg.

Mørkgonga
Mørkgonga

Eikeren

Utover Eikeren frå teltplassen
Utover Eikeren frå teltplassen

Etter turen på Gyrihaugen køyrde vi vidare i retning Telemark. Vi hadde eigentleg tenkt til å køyre heilt til Blefjell, men det byrja å bli seint, så vi måtte finne ein stad å overnatte. Etter litt leiting etter teltplass, fann vi ein plass ved Eikeren.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.