Nipa, Luster (12.06.2017)  3

Written by Hommpbollen (Tor)

Duration 2h 40min
Distance 7.4km
Vertical meters 644m
GPS
Ascents Nipa (867m) 12.06.2017 14:17
Visits of other PBEs Friarhovden (550m) 12.06.2017 13:40

Under utrygg himmel starta eg turen frå kyrkja. Her var det godt med plass for parkering. Eg følgde deretter vegen opp eit lite stykke til eg kom fram til ein attgrodd traktorveg som eg følgde litt oppover til ei grind. Vidare gjekk det oppover til ei ny grind, og jammen meg til enda ei grind. Forbi denne var eg komen litt vekk frå stien som skulle starte ca. på denne høgdekurva, men den fann eg raskt.

Elles gjekk det på ok sti nesten til toppen, der eg svinga av litt og tok beine vegen opp. Ned att gjekk eg på gps og bratt-appen til vegen i dalen lenger oppe. Da slepp eg heldigvis å passere fleire gjerder (berre sauefeller/vegrister). Dette gjekk heilt greitt (og var ikkje spesielt bratt), bortsett frå at jentungen i meisen vart livredd alle sauene som kom brekande etter oss. Forståeleg. Ruskete og bråkete dyr.

EIn liten serverdigheit på turen tilbake.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.