Sykkylven: Hundatinden (10.06.2017)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Parkering Megardsdalen (180m)
Endpoint Parkering Megardsdalen (180m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 45min
Distance 10.8km
Vertical meters 1,243m
GPS
Ascents Gjevenakken (629m) 10.06.2017
Hundatinden (1,234m) 10.06.2017
Keipen (838m) 10.06.2017

Møre og Romsdal pf 100 1031/1156
Kom til Hundeidvika fredag kveld og knerta ein 6-pack før vi fann køya. Stod i rundkjøyringa oppe i dalen, roleg plass. Starta turen med å trakke oss over Ålhaugen, høgste punkt ja. Vurderer om den er verdt å registrere, kjem ikkje fram til ein konklusjon. Så bratt oppver lia og til Gjevenakken. Flugene er på denne tida av året den store snakkisen, kan bekrefte at det ikkje var vanskeleg å ta 15-20 stk på eit slag. Det mest spennande var klyvinga til Hundatinden. Har lest meg opp og sett fleire foto av partiet. Dersom ein ikkje veit kvar ein skal gå er dette ikkje lett. Sjå feks foto i Fotturar på Sunnmøre, eller sjekk Westcoastpeaks sine gode foto og forklaringar. Kjetil er etterkvart blitt ein habil klyvar så dette gjekk som ein draum. Han var og strålande nøgd med turen og eigen innsats:-) Heilt stille på toppen. Retur la vi bratt ned ved første høve til Megardsdalen. Brukte lange snøfelt. Trakka så sti og vei tilbake til parkeringa.

Endeleg Hundatinden, har stått mange år på blokka.
Endeleg Hundatinden, har stått mange år på blokka.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.