Raudhorn (03.06.2017)  4

Written by Hommpbollen (Tor)

Duration 4h 49min
Distance 11.5km
Vertical meters 362m
GPS
Ascents Raudhorn (1,143m) 03.06.2017 15:15
Gipehovde (1,121m) 03.06.2017 16:20
Visits of other PBEs Mugnestølen parkering (1,026m) 03.06.2017 13:11

Raudhorn vart løysinga etter at Mefjellet gjekk i dass. Grunnen var eit maraton-løp (!) på Beitostølen som kravde at vegen vart stengd til halv to. Ja, kva skal ein seie. Kan ikkje desse folka bruke fjellet slik det SKAL brukast og heller springe asfalt i byområda og låglandet.

Nuvel. Difor tok vi altså turen mot Slettafjellet. Der var vegen stengd frå brua pga. snø. Det skiltet laug, for her var det ikkje så mykje som ein snøflekk å oppdrive.

Elles hadde vi ein fin tur frå brua til Raudhorn og tilbake. Eg stussa litt på at toppen Raudhorn ser ut til å liggje svært langt vekke, men slik vart det ikkje. Siste stykket opp fjellet gjekk raskt, og kona hang godt med. Utruleg nok ingen sutring. Vegen tilbake over Gipehovda vart derimot litt i overkant, men da bar eg heller sekken hennar. God innsats!

Kjekk familietur!

Snusen i godt driv

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.