Elbrus West (26.05.2017)

Written by Elementmannen

Duration 8h 20min
Distance 7.7km
Vertical meters 1,290m
GPS
Ascents Elbrus West (5,642m) 26.05.2017

18.05 Fly Bergen - Oslo - Moskva - Mineralnye Vody

19.05 Transport Mineralnye Vody - Cheget (Laguna hotell). Selskap Kavkazskitur.com, billig og proft. Absolutt å anbefale inkl. engelsktalande gaid. Joggetur til Asuz (heis)

20.05 Aklimatiseringstur frå 3000 - 3900 (øvste heisen, ny) med Vladimir. Ikkje løyve til å klatre i Cheget - området.

21.05 Aklimatiseringstur frå 3000 - 4150 (Priut 11) med Vladimir

22.05 Flytte frå Cheget til Garabashy (tønner på ca. 3750 ). Aklimatiseringstur frå 3500 - 4350 (halvvegs opp moreneryggen) med Vlad+Australsk par(Holly & Tim), siste del med 8 slovenarar + Johnny (gaid).

23.05 Aklimatiseringstur frå 3750 - 4150 (dårleg ver)

24.05 Aklimatiseringstur frå 3750 - 4730 (delivs dårleg ver). Viktig dag.

25.05. Kviledag. Fotografering. Fiksing av helløftar. Mykje mat og drikke.

26.05 Vitjing til Elbrus, toppen av Europa. Litt i solidaritet med andre, litt for å auke eigne sjangsar vart me med på beltebil til 4640 (Pastuhkova Rocks). Gaidar meinte det var for mykje is til å halde fram på ski så stegjern++ frå her. Nokon andre gjekk opp på ski. Ein på ski skada seg stygt ved sadel, utgliding i steinrøys (blod i lunge++).
Grunna høgare fart enn dei frå Australia fekk vi los på Slovenarane opp til sadel. Lett skallebank for meg, men god mat og drikkelyst. Frå her var det isøks, nokon også i tau, men vi følte oss trygge med 3-punkt teknikken. Passerte ein del her og mot flatane mot toppen var me åleine, fekk 5-10 min. heilt oppe utan andre. Planta flagg og tok bilete og hadde ein magisk utsikt. Resten av veka var mykje snødrev og vind. Her var det no stiv kuling og ca. 17 minus. Bra fart ned att, lett skallebank så gjekk halvtrått ned mot skia med drog frå alle andre. Segla ned til tønnene att, fekk oss ein lett kvil, pakka sekken, litt mat og drog så ned til Cheget att. Varm dusj, do, mjuk seng; Magisk. Ein øl og rett i koma.

Data: 6t 18min opp
20 min på toppen
ca 2t 30min ned (inkl skikøyring frå 4640 - 3750)

27.05 Mat, mat, mat, marknaden, få ut rubler å betale selskapet, fest på kvelden med FA-cupfinale Arsenal - Chelsea 2-1(1-0), herlig kamp med feiringsvodka++

28.05 Heimvegen. Cheget - Mineralnye Vody - Moskva - Oslo - Bergen

Min best gjennomførte høgfjellstur. Relevant trent, mykje riktige val og ein veldig flott tur totalt inkl. selskap og landskap (alpeish).

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.