Base hos Statskogs hytter (09.06.2012)

Written by bigmob (Morten Bigseth) GSM

Map
Ascents Beingårdsheia (612m) 09.06.2012

Morten og meg kom oss ut av Statskog sine skogar ved Derås og etter å få nærkontakt med ein hakkespett med gul skrott og raud hanekam vart overgang til lokalbefolkninga på Coop Sjøåsen ikkje så stor. Naudsynt proviant vart handla inn for topptur til Beingårsheia i Flatanger og seinare Hemnafjellet i Namsos (eigen rapport).
Ved vestenden av Altvatnet tok vi grusveg sørvestover og fulgte den til endes. Her såg nemleg ikkje høgdekotene for tette ut og skogen var relativt luftig. Dette var eit godt val og etter litt lenger avstandskontakt med 3xRudolf stod vi kjapt på Storlifjellet. Underteikna hadde fått for seg at toppen låg i nordvestleg retning og Morten måtte bruke all sin list og lempe for etterkvart å få oss på rett kurs - Nordover.
Det fine med å ramle utanfor alfarveg er at ein treff på rar fauna og meir til. Her oppe på snaufjellet nesten utan blomekvastar stod det altså ein gigantisk kamosommarfugel med svære, flotte auge på kvar vingen. Speilrefleksen gjekk seg varm, no må eg berre finne ut kva dette er for eit vesen for å hamne på forsida i Flatanger Sommarfuglekikkerforening sitt årlege magasin!
God dekning på mobilen så mob svarte eit mob-anrop, mens eg labba til toppen i fotorus. Ingen varde på toppunktet, men derimot på vestre punkt ca. 250 m lenger borte. Vi fekk oss eit par bileteprov og satt no rett kurs attende mot Storlifjellet. Her var det å skli på ein del snøpølser og nesten tråkke midt oppe i eit stappfult reir med egg definitivt laga av frittgåande ryper. Turen ned vart krona med mjuk myr og god stemning.

Tid: 3 timar t/r med pausar og litt feilnavigering. Grei fart, men ikkje full trøkk.
Dagens Dyr: Mystisk Sommarfuglus a la Carté

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.