Monte Prana (26.05.2017)

Written by Fjellfisken (Lisa Fiskerstrand)

Map
Ascents Monte Prana (1,221m) 26.05.2017

Vi starta å gå frå Metato (i svingen i enden av gata Via Metato), etter ein taxitur frå Viareggio. Stien til Monte Prana er godt merka med raud- og kvitmåling. Dei første 500 høgdemetra går ein på asfaltert veg, noko bratt, men ikkje brattare enn at lokalbefolkninga køyrer på den. Vegen går over i sti like under tregrensa, og ein går litt i skog før terrenget blir opnare. Det er fine, slake stiar heile vegen. Vi fulgte den tydelege raudmerka stien heilt opp, men kunne nok ha valt ei brattare rute for å spare tid. Vi gjekk ned att ei anna, brattare rute, i skaret sørvest for toppen.

Ein bonus med turen var variasjonen av dyr vi såg; geiter, hundar, firfisler og ein slange...

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.