Romsdalssamlinga 2017 (25.05.2017)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Other trip
Distance 7.0km
Vertical meters 850m
Map
Ascents Alnestinden (1,663m) 25.05.2017
Visits of other PBEs Hornaksla (100m) 25.05.2017
Mjelva camping (60m) 25.05.2017
Mjelvasteinen (60m) 25.05.2017

Det er vår, langhelg, og på tide med det som nesten har blitt ein tradisjon, nemlig Romsdalssamling! Vi ymtar frampå om at Åndalsnes er Noregs Chamonix - Åndalsnix altså. Hehe.

Ein kan ikkje gjere noko med været, Pappa. Ein må berre gjere det beste utav det.
Ein kan ikkje gjere noko med været, Pappa. Ein må berre gjere det beste utav det.

Eg har masa om pilegrimsferden heile vinteren, men det var ikkje før våre venners venner som vi var på Gjevilvasshytta med i vinterferien tok affære at det vart kjøt på dei luftige tankane. Vi var fire familiar med stort og smått som booka oss inn på Mjelva camping.

Kona skulle jobbe Fredagen, så Eskil bestilte togbilettar nedover torsdags morgen.

Torsdag
Svært lavt skydekke over Åndalsnix. Ein noko utfordrande start.

Fredag
Dritværet fortsette, og det var tendensar til brakkesjuke i campinghytta. Pow-wow mellom dei voksne. Intens studering av Yr, er det eit solgløtt på ettermiddagen? Kanskje, spørs korleis ein held mobilen? Nei, ja? Nei. Vel, det letta faktisk etter kvart, og på kvelden vart det faktisk grillvær. Kona kom nedover på kvelden.

Woop woop, dette var noko anna!
Woop woop, dette var noko anna!

Laurdag
Etter to dagar med dritvær var det i dag knallmeldingar - dvs i dag skulle ALT skje og alle skulle få lufte seg. Arbeidsfordelinga fulgte ei tilnerma total kjønnsdeling: hoene gikk på Alnestind om morgenen, medan hannane passa ungar. Her vart det cragging på Mjelvasteinen, og eg fekk meg ei runde med buldring medan Eskil zzzz. Då damerne kom tilbake hoppa vi i bilen og besteig same topp. Deilig slusjkøyring - alt regnet var gløymt.

Kjende profilar
Kjende profilar
Fint driv
Fint driv
Andreas toppar ut
Andreas toppar ut

Søndag
I dag fikk eg og Andreas kæssja litt ut for barneinnsatsen, og lufta kilesettet. Målet var Hornaksla, der ingen av oss har klatra før. Sidan det var avreisedag og litt blanda meldingar (og ikkje minst grunna den legendariske sandbagginga på Hornaksla (sandbagging er klatrejargong for undergradering av ruter, rett og slett å gi ruter ei enklare grad enn dei bør ha, noko som gir ubehagelige overraskingar) gikk vi for superklassikaren Ingrid Espelid, 3 taulender og grad 5. Dette var skikkelig kræmklatring, delikate moves i eit nydelig dieder. Etter 2 timar var vi på toppen av ruta, og det var reine tensing-stemninga i laget.

Deretter gikk vi løpande ned rampa til bakkenivå. Det var ikkje spesielt krevjande terreng, og den mest eksponerte delen hadde hengt opp eit tau ein kunne klippe seg innpå, men vi heldt oss på den sikre sida. HMS.

Oppdrift på andrelengda!
Oppdrift på andrelengda!
Frå andre taulengda på Ingrid Espelid.
Frå andre taulengda på Ingrid Espelid.
Innmari fint var det!
Innmari fint var det!
Andreas har ein ekstremsportaugneblink på utmarsjen
Andreas har ein ekstremsportaugneblink på utmarsjen
Utsikta var heller ikkje verst frå den vesle TV-kokken
Utsikta var heller ikkje verst frå den vesle TV-kokken

Alt i alt vart dette ei knallhelg tross ein litt treig start! Takk for ei fin helg!

Åndalsnix er ikkje berre for narcisistiske ekstremsportarar. Ein kan også støtte veldedige føremål.
Åndalsnix er ikkje berre for narcisistiske ekstremsportarar. Ein kan også støtte veldedige føremål.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.