Folgefonna på langs, andre dag (27.05.2017)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Backcountry skiing
Duration 11h 00min
Distance 32.0km
Vertical meters 585m
Map
Ascents Punkt på Søndre Folgefonna (1,645m) 27.05.2017
Punkt på Søndre Folgefonna (1,638m) 27.05.2017
Rusta (951m) 27.05.2017

Heilt utruleg dag. Opp kl 0600 på Holmaskjer etter minimalt med svevn, men til ein underskjønn dag. Sola stod rett over Hårteigen, og sikten var super. Vi delte oss i dag. Tom tok følge med gruppa som skulle gå til Fonnabu og så til Sunndal, vi tre andre + guide drog oppom begge kommunetoppane og gjekk så vidare ut breen, så mykje opp og ned og i krokar før vi kom til ryggen som heiter Volrusta. 2/3 i veg der hadde vi vel gått 27 km, og då måtte vi av med skia. Ned frå Volrusta, ut på høgre side av vatnet og så ned den stupbratte urda ved sida av fossen. Og vidare nedover til vi omsider var nede på grusvegen. Der stod heldigvis Tom og venta på oss i bil, og med berepose med brus og øl! Fabelaktig varm dag utan skyer. Skidelen gjekk veldig lett, gådelen var veldig slitsam. Var ganske sliten og mør då eg kom ned. 32 km, 10 timar og 50 minutt. Anne, Eirik og guiden Mikael var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.