Trollvassnyken check (02.07.2016)

Written by Sandal (Ståle Sandal)

Map
Ascents Trollvassnyken (958m) 02.07.2016

Hola bandola :-)

Ein finfin julidag som vi tolka som for varm til å vere nede i låglandet. Vi plukka oss ut Trollvassnykjen som eit passeleg mål for turen. 4 stk fylde opp bilen, og vi parkerte etter ein kort køyretur. Starten av turen gjekk opp i slakt terreng, fint og varmt, men så er det Stårheimsflugene dååå.... Dei virra rundt oss til vi hadde tusla oss godt oppi høgda, der kom det ein trekk og dei søkte ned att til neste turfølje dei kunne plage. Dette var ein strålande fin tur, ikkje for bratt og det var majestetisk å spasere på snøen i solsteiken i flotte omgivnadar. Når vi kunne sette oss ned ved varden på toppen var utsikta heilt enorm. Det var rett og slett pent, og nista blei teken inn med ro i sjela. Nedatt var det full rulle over snøen, deileg kjensle.
Dette var ein svært fin tur i strålande selskap og vi kryssar stolt av Trollvassnykjen i boka vår.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.