Lundavarden i solsteiken, FLUUUUGA RAOOOO (20.07.2016)

Written by Sandal (Ståle Sandal)

Map
Ascents Lundavarden (769m) 20.07.2016

Ostepopp og flugedrit....

Det var ein varm og stormfull aften, på morgonen bestemde me oss for å bestige mektige Lundavarden....

Det gjekk greitt so lenge me var i bilen, den blei parkert i ein skogsveg på veg opp i ein dal eg trur heiter Remmedalen. Så fort eg seig ut av bilen møtte ein flugekomitee meg, og eg forsto raskt at dei ville guide meg heilt opp. Turen gjekk først opp til ei sæter, ikkje veit ikkje eg ka den heitte, men då eg såg bakken eg skulle opp no så tenkte eg berre fytti helve.... Det var bratt, varmt og noko så inni satan med flugejævlar som snurra i og utafor skallen min. Eg gjekk raskt i sinne opp bakken, i håp om at trekk i høgare luftlag skulle jage flugene vekk, men nopes, dei berre formeira seg.... Ein veldig fin tur om ein kunne sett noko, men flugeskya dekka over all utsikt. Ein fin tur for dei som er noko betre trent enn meg, har f.eks. høyrt at 1.klasse på Stårheim skule går hit.... Men eg er no den eg er, og glad for å krysse av denne toppen og ALDRI FLUGEHELVETE IGJEN :-(

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.