Hornet i pjuskeduskeregn (14.05.2017)

Written by Sandal (Ståle Sandal)

Map
Ascents Hornet (719m) 14.05.2017

Holahopp :-)

Dette er ein finfin tur å drasse med både kjeringa og ungane. Vi kaurde bilen opp til eit lite gårdsbruk, tok av ved Sørland på Torheimsvegen. Dette hjalp mykje då ungane er 5 og 8 år, og såg brått kor høgt vi kom med bilen. Der vi parkerte gjekk det ei fin og slakt stigande rås inover i skogen, og ungane storkosa seg. Etter ei lita periode med brattare stigning kom vi fram til eit lite sel, her møter vår sti den som kjem frå Hamneset. Her tok vi og strompla innpå kvikklunch og appelsin, slik at resten skulle gå som ein leik. Vi gjekk oppover og stigninga er fin i høve den alderen våre ungar er på. Det som vart utfordringa er at sjølve toppen ligg bak nokre l"luretoppar", så ungane blei noko utolmodige i duskregnet. Då vi kom opp var stemninga stor, lirka ut boksen med boka i frå varden og med store bokstavar fekk stolte ungar signere. Deretter ein betre lunch med deileg utsikt. Ned gjekk alt som ein leik, og denne turen vil vi nok ta igjen. Å anbefale for turfølje med kids :-)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.