Planen for dagen var ein fin tur opp Gallen innerst i Stardalen. Derifrå ein fin rundtur innom breen, Grensevarden, Bings Gryte og ved litt ekstra god tid, eit besøk til Sørvest for Ramnane 1874 m Deretter for så å renne ned ved Hovdeskrednibba til Tverrdalen igjen. Etter meldingane var det det meldt litt vind. Men den var betydelig kraftigare i dette området, det er ikkje ofte vi har måtta snu! Det var rett og slett vanskelig å halde seg på beina oppover, så vi vart einige om å retunere for heller å ta ein tur oppom Tortnegrøegga 1414 moh på heimveg. Kanskje litt rolegare vindforhold der. Sidan eg ikkje får sletta desse toppane i denne rapporten, er dei nådd likevel litt seinare på dag....
Ein liten stopp og vurdering om det hadde noko føre seg å fortsette rundturen opp på breen. Orsaker var ganske så kraftig vind. Vi sleit med å halde oss på føtene opp den bratte ryggen til Gallen. Det bles kraftig over breplatået ...andre meldinger var det på yr :) Det var litt ergelig å måtte snu!
Benutzerkommentare