Moldetur (13.05.2017)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

GPS
Ascents Hausen (390m) 13.05.2017 21:14
Dyrhaugen (210m) 13.05.2017 21:40
Vestre Dyrhaugen (200m) 13.05.2017 21:50
Eldhusøya (24m) 14.05.2017 11:25
Freikollen (629m) 14.05.2017 13:50
Lågfjellet (491m) 14.05.2017 14:33
Visits of other PBEs Molde (0m) 12.05.2017
Åndalsnes (0m) 12.05.2017
Årøhuken (165m) 13.05.2017 20:50
Kristiansund (0m) 14.05.2017

Hausen

Vi var invitert i konfirmasjonen til Ingrid i Molde denne helga. Kristine henta meg på skolen på fredag etter at eg var ferdig, og vi køyrde til Nygaard og plukka opp mamma og pappa. På Dombås tok vi ein matpause saman med onkel Laurits, tante Anne Grete og tante Sigrid. I Åndalsnes tok vi ein kjapp stopp for å strekke på beina.

Laurdagen starta med konfirmasjon i kyrkja, før det vart middag på Skaret. Kaffe og kaker vart servert heime hos onkel Jan og tante Anne Marit. Etter ein lang og triveleg dag med mykje god mat og gode kaker, var det fristane med ein liten tur. Onkel Jan, Arne, pappa, Kristine og eg gjekk dermed ein tur opp på Hausen. Opp mot Hausen var det ein fin gapahuk, og det var fin utsikt på Hausen.

På Hausen
På Hausen
Utsikt frå Hausen
Utsikt frå Hausen
Utsikt frå Hausen
Utsikt frå Hausen

Freikollen og Atlanterhavsvegen

Eldhusøya ved Atlanterhavsvegen
Eldhusøya ved Atlanterhavsvegen

Søndag drog vi i vegen ganske tidleg i retning Kristiansund. Vi følgde kysten oppover, og tok ein pause langs Atlanterhavsvegen, på Eldhusøya. Vidare køyrde vi til Kristiansund, der mamma skulle på jobb. Vi andre køyrde vidare til Frei, og stoppa på Freiåsen. Derifrå gjekk vi opp på Freikollen og Lågfjellet. På Freikollen var det strålande utsikt i alle retninger.

Vel nede igjen drog vi vidare. Vi køyrde om Sunndalsøra til Oppdal, derifrå følgde vi E6 til Hjerkinn, der tok vi av mot Folldal og køyrde over Ringebufjellet. Vi drog oppom Nygaard med pappa, før Kristine og eg køyrde heim til Hamar

På Hausen
På Hausen
Utsikt frå Freikollen
Utsikt frå Freikollen
På Lågfjellet
På Lågfjellet

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by Hansi 15.05.2017 12:35

    Takk for det. Det var hyggeleg å bli bedt, og det var ein veldig triveleg konfirmasjon. Turen på Freikollen vart bra den, pent og varmt vær og flott utsikt.

  • -
    avatar

    Du er..

    Written by janyga 15.05.2017 12:30

    ..dyktig til å lage turrapport Hans Thorvald! Veldig hyggelig at dere kunne komme på konfirmasjonen til Ingrid, og det ser også ut til at turen på Freikollen ble riktig bra.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.