Nesset/Lesja: Høvelkampen, Grovåkampen og Røyrhøa (12.05.2017)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Bjorli Skisenter (575m)
Endpoint Bjorli Skisenter (575m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 7h 53min
Distance 39.2km
Vertical meters 1,900m
GPS
Ascents Grovåkampen (1,642m) 12.05.2017
Haugsvarden (1,258m) 12.05.2017
Høvelkampen (1,561m) 12.05.2017
Røyrhøa (1,650m) 12.05.2017

Møre og Romsdal pf 100 1028/1156

Det er vel ikkje rett å seie at eg hadde enorme forventningar til denne turen. Opp skitrekket, langdrygt bakover og ikkje allverdens spennande toppar. Skulle og gå åleine, noko som av og til kan være stusseleg på dryge turar. Spesielt når eg hadde ein supertur dagen før med triveleg følgje.

Men men, kunne parkere og ta på meg skia ved bilen. Ikkje ein kjeft å sjå på heile Bjorli, heilt dødt. Mykje snø i trekket, hardt og lett å gå. Første stopp vart Haugsvarden som eg meir eller mindre gjekk meg på heilt tilfeldig. Grovåkampen hadde eg i syne, den virka ikkje så langt unna. Eit blikk på kartet fekk meg vekk frå den tanken. Og ennå lenger bakover til Høvelkampen. Heldigvis var det kanonføre, kilometerane rausa unna innover. Hadde Høvelkampen som første mål og holdt meg til planen. Flott ver på denne og Grovåkampen. Vidare mot Røyrhøa skya det til ein del, men på ingen måte utriveleg. Det vart drygt stykke ut på kanten ved Bjorlihøi. Det var sjølvsagt uaktuelt å ta med slike humpar i dag. Så var det ein kjempeopptur å få kjøyre telemark ned trekket heilt til bilen! Totalt sett var turen fin takka være kjempelett føre og bra ver.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.