Sjugurdsjøpiggen og Pannhøe (07.05.2017)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 7h 07min
Distance 15.5km
Vertical meters 1,086m
GPS
Ascents Holsæterfjellet (1,410m) 07.05.2017 13:11
Pannhøe (1,599m) 07.05.2017 14:07
Pannhøe Vesttoppen (1,596m) 07.05.2017 14:47
Sjugurdsjøpiggen (1,634m) 07.05.2017 15:37
Kristine ved Hestkneiktørnin, med Heidalsmuen bak
Kristine ved Hestkneiktørnin, med Heidalsmuen bak
Mot Nordøst-Jotunheimen frå Holsæterfjellet. Med blant anna Nautgardstind og Glittertind
Mot Nordøst-Jotunheimen frå Holsæterfjellet. Med blant anna Nautgardstind og Glittertind

Kristine og eg åt ein litt sein frukost på Bessheim. Vi fann ut at vi skulle gå på Sjugurdsjøpiggen, så vi køyrde inn Murudalen, og parkerte ved Holsætrin, som ligg på om lag 820moh. Vi bar skiene til omtrent 900moh, der tok vi dei på, men snøen var gjennom rote og vi brøyt igjennom. Så på om lag 1000moh tok vi dei av igjen. Da bar vi skiene til vi var nesten heilt opp på Holsæterfjellet. Derifrå kunne vi for det meste gå på ski. Det var bratt og ganske hardt opp til Pannhøe. Ned i frå Vesttoppen bar vi skia nesten heilt ned i skardet mot Sjugurdsjøpiggen. Nesten nede i skardet kunne vi ta dei på igjen, og vi køyrde nedunder Sjugurdsjøpiggen, før vi tok oppover mot ryggen. Oppe på ryggen satt vi frå oss skiene og gjekk dei siste 90 høgdemetrane til fots. Ned at tok vi på skiene ganske fort, og vi køyrde forsiktig sikk sakk ned til dalen. Vi kunne for det meste gå på ski attende, men nedunder Holsæterfjellet vart det dårligarare forhold, og vi måtte bæra dei ein del igjen. Vi hadde for det meste skia på oss ned gjennom skogen, men det var håplause forhold, vi braut igjennom heile tida. I løpet av turen brakk eg den eine skia mi. Det sol også på denne turen, men litt meir overskya enn dagen før, i tillegg var det mykje vind. Til trass for litt kaldare vær og håplause skiforhold, vart også dette ein fin tur.

Sjugurdsjøpiggen
Sjugurdsjøpiggen
Kristine vart glad for å nå toppen av Sjugurdsjøpiggen.
Kristine vart glad for å nå toppen av Sjugurdsjøpiggen.
Utsikt mot Kalvehøgda, Tjønnholstind, Besshøe og Surtningssue frå Sjugurdsjøpiggen
Utsikt mot Kalvehøgda, Tjønnholstind, Besshøe og Surtningssue frå Sjugurdsjøpiggen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.