Lauparen frå Lauparlengda (06.05.2017)
Written by JonA (Jon Andreas Klokkehaug)
Ascents | Lauparen (1,434m) | 06.05.2017 |
---|
Starta turen frå Lauparlengda kl06. Var litt usikker kor mykje det hadde rasa frå berga ned mot dalsida, men linja eg hadde sett meg ut var uberørt. Veldig fin nedkjøring til Trongbotn og var nok heldig med føret.
Frukost ved varden og fekk akkurat sola inn på flanken opp til Lauparen før oppstigninga. Stabile forhold pga kulde på natta og tok raskt skia på ryggen pga glatt skare. Tok på stegjern, men det var ikkje nødvendig da det var enkelt å bryte skarelaget. Rolig til tur opp mot toppen pga ritt seinare på dagen.
Vindstille og flott på toppen! Kunne vore her i mange tima, men ville ta nedkjøringa før sola tok for mykje i sida. Såg ut som det hadde vore to stk tidligare i år, da frå Tresfjord sia.
Nedkjøringa var nydeleg da sola akkurat hadde brutt opp skara, tok samme linja ned som opp.
Flott tur og ikkje alt for dryg når ein kan renne heilt ned til Sætra. 20-30 min ned til bilen som var parkert ved enden av asfaltert veg.
User comments