På tide med ein skitur opp Skåla (29.04.2017)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Skålatårnet P (40m)
Endpoint Skålatårnet P (40m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Distance 16.4km
Vertical meters 1,819m
Map
Ascents Skåla (1,841m) 29.04.2017
Visits of other PBEs Skålatårnet parkering (40m) 29.04.2017

Strålande ver dag etter dag! Ein lyt ha solbriller for å lese yr om dagane... Det er nesten som ein går i stå for kva ende ein skal begynne, for å fylle dei fantastiske godverdagane på best mulig måte :) Då er det det ganske fint att det tikker inn nokre gode turplanar og denne gangen ifrå Morten H. med fleire i turfølget. Raudeggi 1939 m og Kvitlenova 1898 moh i Breheimen med utgangspunkt ifrå Grotli og ikkje Grodås. Noko som eg jamt og trutt forvekslar!! Det hadde jo selfølgelig vorte tidenes fjellskitur med start ifrå Grodås :) Hadde planer om å høyre med Anna T om Høgeloft 1921 moh i Lærdal lørdag. Men det hadde blitt ein del ekstra langkøyring i godveret. Så kom eg på at det kunne være ein betre ide å ta ein svipptur oppom Skåla og teste den på ski, noko som eg lenge hadde tenkt. Ein høveleg tur på veg inn til søndagens rundtur i Breheimen. Men først tok eg turen inn til Stryn før butikkane lørdag stengte, og rakk ei kostbar runde på sporten!!! Parkeringsplassen var full av biler då eg omsider var klar kl 13.00 Det vart fottur nesten opp til brua, derifrå var det ymse skiføre. Fint å trøkke på oppover og mange glade folk på tur. Kjekt å sjå den nye DNT hytta Skålabu.

https://www.youtube.com/watch?v=gbWfu7q0YWo

Bakkane ein smule slakkare med snø opp mot skaret over Skålavatnet 1142 moh
Bakkane ein smule slakkare med snø opp mot skaret over Skålavatnet 1142 moh
Ei viss skredfare var det desse dagane! Ein skikøyrar løyste ut dette flakskredet ved ryggen ca punkt 1561 moh opp mot Skålatårnet
Ei viss skredfare var det desse dagane! Ein skikøyrar løyste ut dette flakskredet ved ryggen ca punkt 1561 moh opp mot Skålatårnet
Mykje folk på tur ein sånn dag :)
Mykje folk på tur ein sånn dag :)
Fantastisk utsikt ifrå den nye DNT hytta på Skåla
Fantastisk utsikt ifrå den nye DNT hytta på Skåla
Fantastisk utsikt ifrå den nye DNT hytta på Skåla
Fantastisk utsikt ifrå den nye DNT hytta på Skåla
Flott å sjå den mestringa og elegansen til denne brettkøyreren i eit så mektig fjellområde
Flott å sjå den mestringa og elegansen til denne brettkøyreren i eit så mektig fjellområde
Litt ymse føre var det!!
Litt ymse føre var det!!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.