Første kommunetopp i 2017: Raudbergnuten (30.04.2017)  6

Written by bakken59 GSM

Start point Breistølen
Characteristic Backcountry skiing
Duration 5h 30min
Distance 22.0km
Vertical meters 965m
Map
Ascents Raudebergnuten (1,819m) 30.04.2017

Rett og slett fantastisk tur i vindstille, skyfritt, kaldt vêr. Smurde med blå ekstra! Køyrde frå Oslo om morgonen. Starta å gå kvista løype frå Breistølen kl 1145. Gjekk til Bjordalsbu der vi sette frå oss litt utstyr og den eine sekken, og etter god rast ute på dekket, gjekk vi sydover og opp til Raudbergnuten. Vi var der i 1800-tida, perfekt skyfritt rundskode i kveldssol. Dei fem km ned til Bjordalsbu var lette! Vi rann nesten i eitt strekk ned til vatnet. Hadde hytta for oss sjølv om kvelden, og vi fyra godt opp, åt lapskaus på boks, og las under kvart vårt pledd. Herleg! Vakna til 10-15 minus, men like klart og stille. Eg gjekk ein liten tur oppom nuten vest for hytta, før vi hadde ein lett retur til Breistølen. 12 km inn til hytta, 10 km tur-retur Raudbergnuten, og greidde å få heimturen til 16 km, inkludert den vesle nuten og mykje sikk-sakkrenning. Tom var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.