Rauma: Kovåhøa, Vermehøene og Storhatten (29.04.2017)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Slettali (255m)
Endpoint Slettali (255m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 9h 35min
Distance 35.7km
Vertical meters 2,156m
GPS
Ascents Kovåhøa (1,309m) 29.04.2017
Nørdre Vermehøa (1,478m) 29.04.2017
Storhatten (1,624m) 29.04.2017
Søre Vermehøa (1,600m) 29.04.2017

Møre og Romsdal pf 100 1020/1156

Denne dagen hadde vi eigentleg sikta på Dønttinden og tilhøyrande herligheter. Men pga meldingar om vind endra vi rekkefølgja og gjekk for denne dryge runden i staden. Kunne ganske snart spenne på oss skia og labbe oppover dei lange og kjedelege veisystema frå Slettali. Etter langt og lenge kunne vi peile oss inn på Kovåhøa. Tok ein pause oppunder ei furu, og der fekk vi nesten appelsina i halsen då det kom eit voksent ektepar ruslande. Dei hadde heller ikkje forventa å møte folk, og ville gjerne sjekke kva dette var slags rarietetar som hadde rota seg vekk. Dei kunne fortelje at dei hadde planar om Dønttinden neste dag. Diskuterte litt rutevalg osv før vi rusla vidare. Enkelt til Kovåhøa, Nørdre Vermehøa og Søre Vermehøa. Mot Storhatten var vi i tvil om veivalg, men hadde god oversikt frå Søre Vermehøa. Vi valgte å traversere den meget bratte og snøfattige sida bortover frå skaret. Eit par renner der det kunne komme snøballar ovanfrå. Anbefaler ikkje dette rutevalget. Det er heller ikkje andre alternativ som såg veldig gode ut på snøføre - det beste kan nok då være å gli heilt ned i Mebotnen. Frå Storhatten skulle det være planke ned til bilen igjen. Pga at vi var seint ute og dette er austvende sider vart det ikkje slik. Eit forferdeleg griseføre nedover lia. Gjennomslagsskare d lux. Heilt komplett umuleg å få noko styring på fjellskia med lave sko. Det vart mange km med kryssing nedover. Og nedover veien var det ikkje bedre. Til slutt tok vi skia i hendene og trampa oss nedover. Likavel skal det seiast at dette var ein fin tur.

Torleiv går mot Dønttinden der framme. Den var ikkje på blokka før neste dag då det var meldt endå trivelegare ver.
Torleiv går mot Dønttinden der framme. Den var ikkje på blokka før neste dag då det var meldt endå trivelegare ver.
Dagens første topp, den ganske anonyme og intetsigande Kovåhøa
Dagens første topp, den ganske anonyme og intetsigande Kovåhøa
Frå Kovåhøa mot Svarttinden og Dønttinden
Frå Kovåhøa mot Svarttinden og Dønttinden
Søre Vermehøa midt i bildet, Storhatten til venstre.
Søre Vermehøa midt i bildet, Storhatten til venstre.
Nordover frå Nørdre Vermehøa. Dønttinden har endra litt form. Kalskråtinden bakerst.
Nordover frå Nørdre Vermehøa. Dønttinden har endra litt form. Kalskråtinden bakerst.
Frå Nørdre Vermehøa mot Hånådalstinden 1806.
Frå Nørdre Vermehøa mot Hånådalstinden 1806.
Torleiv som helst går heile turen i skjorta har tatt på seg jakka. Det betyr ein del vind, som litt seinare stillna heilt av.
Torleiv som helst går heile turen i skjorta har tatt på seg jakka. Det betyr ein del vind, som litt seinare stillna heilt av.
Torleiv har fått av seg jakka ja! Søre Vermehøa mot neste topp, Storhatten
Torleiv har fått av seg jakka ja! Søre Vermehøa mot neste topp, Storhatten
Nordover frå Søre Vermehøa.
Nordover frå Søre Vermehøa.
Vestover frå Søre Vermehøa.
Vestover frå Søre Vermehøa.
Torleiv endeleg på dagens siste topp, Storhatten. Søre Vermehøa til venstre i bildet. Då var det berre ei hårreisande nedkjøyring igjen.
Torleiv endeleg på dagens siste topp, Storhatten. Søre Vermehøa til venstre i bildet. Då var det berre ei hårreisande nedkjøyring igjen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.