Rasttegaisa, Tana og Lebbesby (28.04.2017)  5

Written by Elementmannen

Characteristic Backcountry skiing
Duration 4h 27min
Distance 24.6km
Vertical meters 979m
GPS
Ascents Rásttigáisá (1,067m) 28.04.2017 18:20
Visits of other PBEs Levajok p-plass (110m) 28.04.2017 19:46

Etter eit statusmøte i Karasjok satt eg kursen mot Levajok. Ein liten time med høg fart på nøgne Finnmarksvegar. Snøen var fin, dagen lokka med rundt 0 grader som seig nedover nærmare topp inkludert ein del vind.
Bra val å klaske på med kortfeller i starten då bakkane er slake heilt inn til foten av sjølve fjellet. Eg holdt bra tempo, men tok ein god stopp ved foten og la på langfeller og fyrte innpå siste stykke av Scandic sin utsøkte pecanpai. Planen var eit mellomval mellom rundt som 500fjell og rett på som Joso, men varsom.no, retning på "rett-på" (austvendt) og vurdering av snø og temp. undervegs gjorde at eg valte rett opp, ingen skavlar der eller noko fareteikn. Ei heller folk og dyr, men eg høyrde lyden av rype, trur eg. Ein vert lett forvirra med pelshue på.
Gjekk heilt greit opp bratta og mirakuløst løsna måsadotten rundt toppen så sikta var veldig god og ein fekk nyte denne staslege, heilage sametoppen. Valte rundt nordover ned att og fann pudder perfekt for fjellskia (dette er strengt tatt ikkje typisk randotur, men det går det også).
Var så heldig å få kremkøyring deler av turen ned og tross ein karamell på koffertsnø (kvelden kom) på slutten var det heile gått som ein draum. 3 timar opp, 1t 10min ned i ok tempo.
Anbefalt!

Dagens dyr: Mikkel Rev dukka opp våg veg mot Motelet på Tana Bru. Her kan ein overnatte for 520,- over Mix-kiosken, heilt ok.

User comments

  • -
    avatar

    Bilete lagt inn

    Written by Elementmannen 29.04.2017 09:47

    Takk for det. Ikkje vanskelig å kose seg i nord B)

  • -
    avatar

    Finnmark

    Written by TERJES 28.04.2017 23:53

    Kjempebra rapport fra Finnmark. Jeg passerte Rasttigaisa på tur fra Kirkenes, Tana, Karasjok og opp til Porsa i påsken. (Lange avstander) Fint tips om overnatting i Tana. Har du bilder fra turen?

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.