Faureknuten og Nonsfjellet (14.04.2017)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Krokavatnet (255m)
Endpoint Krokavatnet (255m)
Characteristic Hike
Duration 6h 15min
Map
Ascents Faureknuten (582m) 14.04.2017
Middagsfjellet (333m) 14.04.2017
Nonsfjellet (454m) 14.04.2017
Trodlanuten (572m) 14.04.2017

Parkerte ved Krokavatnet som ligger langs vegen mellom Nedrebø og Skjæveland. Det går ein grusveg med åpen bom frå Trongsla gjennom lerkeskog og kulturbeite forbi eit lite tjern på nordsida av vegen. Her er det parkeringsplass og infoskilt om turområder i Bjerkreim. Kan spare 1,5 km gåing med å kjøre opp der. Var ikkje åleine på tur her denne langfredagen. Herfrå gjekk eg på merka sti gjennom stedvis myrete terreng opp Grolidalen og så det siste stykket opp austsida til Faureknuten. Fleire meste like høge topper på det vide topplatået. Ny vardebok frå 24. mars i år på hovedtoppen med varde litt nord for trigpunktet. Flott utsikt med utsyn over store deler av Jæren og innover Bjerkreimsheiane.
Gjekk vidare i terrenget austover til Jonilknuten opp/ ned den bratte nordsida. Så vestover igjen til eg kom inn på stien og vegen igjen, og gjekk så opp på Nonsfjellet frå austsida. Fleire omtrent like høge punkt ved trigpunktet. Gjekk ned sør- og vestsida og tilbake til Krokavatnet og oppom Middagsfjellet til slutt.

Ved Trongsla der det er skilta mot Faureknuten.
Ved Trongsla der det er skilta mot Faureknuten.
Merka sti opp Grolidalen.
Merka sti opp Grolidalen.
Fleire myrområder på veg opp mot Faureknuten i bakgrunnen.
Fleire myrområder på veg opp mot Faureknuten i bakgrunnen.
Oppe på topplatået med varden i sikte.
Oppe på topplatået med varden i sikte.
Varden med bokboks.
Varden med bokboks.
Nordvest mot Åslandsnuten og Fitjanuten i midten i det fjerne.
Nordvest mot Åslandsnuten og Fitjanuten i midten i det fjerne.
Vestenden av Byrkjelandsvatnet og Nedrabø og Kyrkjeknuten med Fitjanuten rett bak.
Vestenden av Byrkjelandsvatnet og Nedrabø og Kyrkjeknuten med Fitjanuten rett bak.
Byrkjelandsvatnet og Vinjakula i midten i det fjerne.
Byrkjelandsvatnet og Vinjakula i midten i det fjerne.
Søraust mot Jonilknuten og den ennå snødekte Skykula i det fjerne.
Søraust mot Jonilknuten og den ennå snødekte Skykula i det fjerne.
På Jonilknuten med tilbakeblikk mot Faureknuten.
På Jonilknuten med tilbakeblikk mot Faureknuten.
I skaret mellom Faureknuten og Nonsfjellet med utsyn nordover til Ragsfjellet.
I skaret mellom Faureknuten og Nonsfjellet med utsyn nordover til Ragsfjellet.
På Nonsfjellet med utsyn austover mot Faureknuten.
På Nonsfjellet med utsyn austover mot Faureknuten.
På Nonsfjellet som har fleire omtrent like høge toppunkt.
På Nonsfjellet som har fleire omtrent like høge toppunkt.
Utsyn sørover mot Storafjellet i bakgrunnen.
Utsyn sørover mot Storafjellet i bakgrunnen.
Sørvest med utsyn over Krokavatnet og Urdalsnipa/ bjerkreimsendaren kan ses t.h.
Sørvest med utsyn over Krokavatnet og Urdalsnipa/ bjerkreimsendaren kan ses t.h.
Liten varde på Middagsfjellet.
Liten varde på Middagsfjellet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.