Kremtur på Torvløysa og Kupenibba (16.04.2017)  6

Written by Lukken (Ole André Lukkedal) GSM

Start point Hatlestad (458m)
Endpoint Hatlestad (460m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 8h 49min
Distance 23.3km
Vertical meters 2,082m
GPS
Ascents Kupenibba (1,785m) 16.04.2017
Torvløysa (1,850m) 16.04.2017
Innsetsætra
Innsetsætra

Lysta på ein skikkelig påsketur var stor og sjølv om det ikkje var 100% melding på yr, i forhold til sol, så satsa eg og johnnyaa (Johnny Aarseth) på at det skulle bli ok. Gliset gjekk difor rundt nakken når vi i strålande solskin starta frå Hatlestad med Torvløysa som turens hovedmål og Kupenibba som bonus om mogleg. Dyrdalsvegen var ferdig preparert så vi holdt god fart dei tre kilometerane opp til Rellingsætra. Derfrå var det skispor vidare inn til Innsetsætra. Spora fortsatte opp skogen mot Daurmålsfjellet.

Utsikt mot Skorene
Utsikt mot Skorene
Frå Daurmålsfjellet med utsikt mot Torvløysa
Frå Daurmålsfjellet med utsikt mot Torvløysa

I motsetnad til fjella rundt Overøye, og dei fleste elles i Sunnmørsalpane, var det kun tre stykk som hadde vore før oss denne påska, og ingen skulle gje oss selskap denne dagen. Vi er ikkje folkeredde, men kjensla av å ha fjellet for oss sjølv i eit fantastisk landskap, der vi kun høyrer eigen pust og puls (som det forøvrig blei rikeleg med) i tillegg til sofistikert konversasjon er fantastisk.

Etter Daurmålsfjellet venta ein fem kilometer lang motbakke med omlag 1000 høgdemeter. Det såg ikkje så langt ut, og forholda var ekstraordinære med tørrsnø heile vegen opp i form av 20 cm med fjørlett pudder. Til tross for at forholda var snille med både kropp og sinn så må vi motvillig innrømme at vi var tung i kroppen når vi ankom Torvløysa. Utsikta var storvegs alle vegar med Tafjordfjell, Sunnmørsalpar, Romsdalsfjell og Jotunheimen i sikte.

Blikket vårt vart likevel i hovedsak vendt mot Kupenibba og nordvestryggen. Den såg knivskarp ut med ei skummel nordside som er vertikal med fleire hundre meter. Med litt snø og småskavler på så var eg litt skeptisk på om det var vits i å prøve. Kjente at det ville koste å gå på beina ned over 200 høgdemeter og opp 200 nye, spesielt om returen skulle gåast utan bestigning. Men som peakbagger gjaldt det å skjule all form for skepsis og overbevise makker på at å berre få lov å prøve på den ryggen er no gjevt. Og den første fjerdedelen såg no kurrant og lett ut. Johnny er ein flott turvenn. Sjølv om eg kunne ane at han ikkje var heilt sikker på at dette kom til å bli ein suksess så vil han ikkje vise noko svakhet med å vere grunnen til uforetta sak. Dermed skred det til verket.

Ryggen på Kupenibba
Ryggen på Kupenibba
Johnny på ryggen på Kupenibba
Johnny på ryggen på Kupenibba

Sørsida ned frå Torvløysa var bratt og med nokså mykje ur, så vi satt frå oss skia og tok beina fatt. Snøen bar relativt godt og det gjekk raskt bort til skaret under ryggen til Kupenibba. Første fjerdedelen opp ryggen gjekk kjapt, og sørsida på ryggen var ikkje like vertikal som nordsida. Etter denne delen bratna det til, og eggen vart skarpare. Stegjern og isøks måtte difor fram. Det gjekk likevel bra oppover. Nokre opptak som krevde konsentrasjon, og det var utfordrane å vere 100% sikker på at ein hadde fast grunn under seg på venstresida. Heldigvis gikk det stort sett ann å legge inn margin på høgresida. På eine delen var ryggen overhengande med over ein meter, så luft fekk ein. Men med litt varsemd gjekk det flott å kome til toppen under rådande forhold.

Torvløysa sett frå Kupenibba
Torvløysa sett frå Kupenibba

Returen ned igjen ryggen og opp til Torvløysa gjekk kjempefint. Ein kjenner det i alveolane når ein går 200 høgdemeter på beina i bratt snøflanke, men endorfinane frå Kupenibba og sola gjer ein nummen for lett ubehag.

The grand finale på denne dagen stod igjen. 1000 høgdemeter med køyring i fjørlett pudder. Vegen ned mot Daurmålsfjellet er ikkje den mest loddrette. Vi veksla mellom litt direkte linjer og cruising sideveis. Når føret er som denne dagen i april, og ein kan køyre etapper som er kilometer lange så kan ein glise inn i solnedgangen.

Setter spor
Setter spor

User comments

  • -
    avatar

    Gjevt

    Written by Affen 18.04.2017 09:32

    Ser ut som en stortur av beste merke!

    Egen pust og puls, samt litt sofistikert konversasjon, er alt man trenger :-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.