Etter skoddeturen på Molden var veret begynt å betre seg ut på dag som etter meldingane. Master og strømlinjer dominerte mykje av naturen under denne turen. Eit stort ubehag fysisk var å kjenne ved å krysse linja, det knitra ganske så bra. Men eit fint nedrenn vart det ifrå Storehaugfjellet og sola var begynt å varme godt. Mange familier å treffe på tur lengre nede i skogen. Bål, kaffekos, grilling, smil og med god påskestemning :)
User comments