Sunndal/Surnadal: Renndalskamman, Grinaren og Slanglifjellet (16.04.2017)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Storlia parkering (620m)
Endpoint Storlia parkering (620m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 8h 20min
Distance 37.7km
Vertical meters 1,450m
GPS
Ascents Grinaren Sørøst (1,472m) 16.04.2017
Grinaren (1,528m) 16.04.2017
Renndalskamman (1,288m) 16.04.2017
Slanglifjellet (1,488m) 16.04.2017
GPS viste 1664 m stigning. Det verkar mykje så etter litt kartlesing meinar eg rundt 1450 er riktig.

Møre og Romsdal pf 100 1013/1156

Ein flott tur i lett terreng og legendarisk føre. Turen vart alt anna enn enkel likavel. Lise måtte hjelpe meg å knyte skiskoa og etter 2 meter med ski på beina holdt eg på å gi opp pga ein rygg som hadde fått eit tilbakefall. Prøvde nokre meter til, ny pause... litt lenger igjen og ny pause. Til slutt var eg oppe ved Tovatnet og det gjekk bedre og bedre. Veldig enkelt å gå i den oppkjøyrde løypa inn dit. Sleit og med å få i meg maten, ei brødskive + noke snopegreier på ein slik tur blir altfor lite. 2 liter vatn vart og for lite, på Slanglifjellet måtte eg bomme eit par desiliter med ein triveleg sunndaling. Heldigvis var føret kjempebra, så nedfarten frå Slanglifjellet vart ein telemarkdans. Fekk fylle vassflaska i den åpne elva før Tovatnet. Enormt med folk som har Storli som utgangspunkt for turar. Likavel fekk eg gå mykje av turen utan å sjå folk, og over Langvatnet var det ikkje eit skispor. Heller ikkje skispor til Grinaren. Ryggen vart nok ikkje verre av denne turen. Etter ei god natt i bilen og frokost hos Johan vart det heimreise utan 2. påskedagstur.

Over Tovatnet. Kringlehøa midt i.
Over Tovatnet. Kringlehøa midt i.
Storsomrungnebba
Storsomrungnebba
Renndalskamman langt der framme i enden av Langvatnet
Renndalskamman langt der framme i enden av Langvatnet
Austsida av Kringlehøa. Skispor her i bratta. Skal testast ut ein anna gong. Denne dagen hadde eg nok med den runda som vart.
Austsida av Kringlehøa. Skispor her i bratta. Skal testast ut ein anna gong. Denne dagen hadde eg nok med den runda som vart.
Frå Renndalskamman mot Innerdalstårnet
Frå Renndalskamman mot Innerdalstårnet
Frå Renndalskamman mot Kringlehøa
Frå Renndalskamman mot Kringlehøa
Frå Renndalskamman mot Storsomrungnebba og Navardalsnebba
Frå Renndalskamman mot Storsomrungnebba og Navardalsnebba
Langvatnet, Slanglifjellet til venstre
Langvatnet, Slanglifjellet til venstre
Neste stopp, Grinaren. Høgste punkt til venstre i bildet.
Neste stopp, Grinaren. Høgste punkt til venstre i bildet.
Frå Grinaren
Frå Grinaren
Nordover frå Grinaren mot svært lokale snøbyger
Nordover frå Grinaren mot svært lokale snøbyger
Varden på Slanglifjellet
Varden på Slanglifjellet
Frå Slanglifjellet nordover mot Grinaren
Frå Slanglifjellet nordover mot Grinaren

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by JPV100 17.04.2017 20:03

    Utruleg flotte bilder! Ser ut som ein kjempetur!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.