Kvitegga (14.04.2017)
Written by kobbenes (Kristian Starheim)
Ascents | Kvitegga (1,700m) | 14.04.2017 20:21 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Sæter p-plass (290m) | 14.04.2017 20:21 |
Påska er tida for store og små skiturar. Denne påska var prega av lite snø og svært varierande vær, men ein del små skiturar vart det jo anledning til. Men for kvar vesle familieskitur vart behovet for ein stor skitur meir og meir påtrengande. Til slutt beordra Kona meg ut på tur. Det ville gjere underverker for humøret, meinte ho.
Fredag var det pansermeldingar, og eg hadde sett at mine gamle bekjente frå Bergen, Knut og Kristin, var i området. Etter litt planlegging vart vi einige om at Kvitegga var eit flott turmål. Det er lite å utsetje på Kvitegga på ein slik påskedag: pirrande primærfaktor, Sunmørsalpane sitt høgste punkt, upåklagelig utsikt, og ein svært lang oppoverbakke (ja, slik har det blitt - oppoverbakken er viktigare enn nedoverbakken).
Eg spurte Kroksleiven om han ville vere med. Nei, svara han, utan å utdjupe det vidare.
Vi møttest på Sæter P-plass i høveleg tid. Det gikk no opp for meg kvifor Kroksleiven hadde betakka seg. Han er ikkje folkesky, men å seie at han er folkekjær er å overdrive. Det var folksomt i bakkane i dag.
Vel vel, været var nydelig, og det hadde kome eit dryss med nysnø. Skredfaren var lav etc etc etc. Det var berre å smøre seg med solkrem, facebook, instagram .... Broren til Knut, Vegard, og hans kjæreste, Charlie, var også med. Dei kom rett frå Lofoten, der dei hadde stått på nedoverski til den store gullmedalja. Eg fekk i løpet av denne turen sjå korleis folk som virkelig kan å stå på nedoverski, står på nedoverski.
Oppover gikk det. Opp opp opp. Litt mosetrasking i byrjinga, så jamnt opp opp opp opp opp, til vil kom til topp-platået. Der såg vi at det framleis var eit stykke til toppen. Så gikk vi til toppen. Her vart det matpakke, sjokkis, og full inntaking av det ypperste av norsk fjellheim. Eg sjekka telefonen: på Valdresflya var det trafikkork. Hehe.
Så var det nedatt - tørr og fin snø på topp-platået. I bratthenget lugga det litt, men eg kom meg ned utan trynings. Nesten 40 grader ned her, så best å ha sikre forhold. Det var det i dag. Vegard og Charlie susa ned her - stilig!
Deretter gikk det ein gradient frå flott til jævlig snø, før vi tok av oss skia og gikk det siste stykket.
Alt i alt ein nydelig dag med veldig kjekt selskap! Takk for turen Kristin, Knut, Vegard og Charlie!
User comments