Agdenes: Hestgrovheia (13.04.2017)
Written by boven (Ove Lotsberg)
Start point | Geitholbekken (150m) |
---|---|
Endpoint | Geitholbekken (150m) |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 4h 54min |
Distance | 11.0km |
Vertical meters | 600m |
Map |
Ascents | Hestgrovheia (656m) | 13.04.2017 |
---|
Sør-Norge pf 500 230/402
Kom frå Orkla camping der vi hadde 2 netter i bobilen. Kjøyrde "vanleg" bil til Lensvik og fann bomveien mot Solemsdalen, kr 40. Vi vart litt skuffa når veien var stengd med eit stort rør ved Geitholbekken. Det betyr ein lenger tur både i tid og km. God matpause i steinbruddet før vi tok fatt på stigninga. Fulgte Gammelstien til vi kom opp på kanten og kunne følge stikkene vidare til topps. Vi var litt spent på snøen, men den var hard og god å gå på. Ei dame hadde passert oss og kom til topps eit lite stykke før oss. Kald vind men ellers fint. Stor stas med snøfelta på returen, spesielt dei bratte der ein kunne skli og rulle nedover.
User comments