Kristiansund: Storskarven (11.04.2017)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Kvalvåg (60m)
Endpoint Kvalvåg (60m)
Characteristic Hike
Distance 6.3km
Vertical meters 250m
Map
Ascents Storskarven (268m) 11.04.2017
Lise og Vinjar på Storskarven
Lise og Vinjar på Storskarven
Frå Storskarven mot den bittelitt lavare Litlskarven
Frå Storskarven mot den bittelitt lavare Litlskarven

Møre og Romsdal pf 100 1010/1156

Sist eg var i dette området gjekk eg i eit grisever med Vinjar på ryggen. Hadde då berre markert ut på kart Litlskarven utan vidare research. Det var ein kjempetabbe sidan Storskarven er nokre cm høgare, og den raude markøren no er flytta. Var innom tanken, ettersom namna Litle og Store vel forklarer ein del. Akkurat då gav eg blaffen og kom meg til bobilen igjen, noko både eg og Vinjar var glade for den gang. Så då var det klart for ny tur, og Kristiansund endeleg komplett pf 100. I tillegg gjekk Lise ei lenger runde og fekk dei 4 ho mangla i denne kommunen.

Parkerte i Kvalvåg på grei parkeringsplass rett ved vegen der den sørlegaste traktorvegen innover startar. Det er skilta Setervatnet. Aust for dette vatnet var det eit veidele, vi fulgte den til høgre til høgaste punkt. Der tok det av ein sti opp til ein rasteplass under ein stor hellar. Herifrå vart det villgåing eit stykke før vi igjen kom inn på ein raudmerka sti. Retur fulgte vi denne stien ned til mellom Kjerringvatnet og Setervatnet. Her skilde vi lag, og plukka seinare opp Lise på Prestmyra. Då skulle det vel endeleg være greitt får vi tru.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.