Oppom Kikuttoppen på veg frå Mylla til Movatn (18.03.2017)  5

Written by bakken59 GSM

Characteristic Cross-country skiing
Duration 5h 30min
Distance 50.5km
Vertical meters 628m
Map
Ascents Kikut (614m) 18.03.2017

Skibussen til Mylla. Perfekte spor, isklister fungerte flott, vi gjekk Mylla, Trantjern, Ølja, Tverrsjøen, Skarvvatnet, Pershusvatnet, Finnstadtjennet, Aklangen der vi rasta, Katnosa der Finn sa adjø og sette opp farta for å rekkje selskap heime, Sandungen, så over mot Kikut og eit sidesprang opp til Kikuttoppen der eg aldri har vore før. Skuffande at det var så gjengrodd og ikke utsikt, men eg gjekk litt nedover på sudsida slik at eg fekk overblikk, same veg tilbake ned til Kikut (vaffel inne), ned på isen og over til Fortjern, Helgeren, Gørja, Kalvsjøen, der eg tok ein ekstra dune fordi eg skjønte at eg trang ein halv kilometer til for å runde 50 km, Aurtjern, Finntjern og ned til Movatn der Tom plukke meg opp. Finn var altså med dei første 18 km. 5 timar og 31 minutt, 50,5 km.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.