Høgeloft - skitur med Lærdal turlag (11.03.2017)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Start point Eldrehaugsvatnet (1,130m)
Endpoint Eldrehaugsvatnet
Characteristic Backcountry skiing
Duration 6h 00min
Distance 22.0km
Map
Ascents Høgeloft (1,920m) 11.03.2017

Fin tur med Lærdal turlag i dag. Sju spreke i fylgjet.

Vi gleid frå Eldrevatnet og innover mot Ulvehaugen kl. 10:05. Torsdag hadde det komme ny snø. Sjølv om vinden hadde fordelt ein del, var det greitt føre i dag. Denne snøen var etterlengta, då fjella har lite snø i år. Vi valde rast under topp 1294 etter knapt ein times gonge. Greitt å fylle opp lagera før sjølve stigninga.

Denne gongen gikk vi opp Skorheimsgravhalsane. På skrå bratt opp mot gjelet og elva som renn frå vatn 1668. Slik var vi på høgre sida. Fint jamn stigning så vidare opp til toppunktet. Vi såg Rando-folk som gikk rett opp på andre sida av gjelet. Då fekk dei ei rute meir rett på, medan vi ringa på hi sida av det store gjelet.
Sett bort frå litt is om lag der det brattaste knekkjer av ved gjelet, var det fint og greitt føre heile vegen i dag. Berre noko «bøljeblekk» lenger inn i dalen, nokre 10-tals meter. Elles var føre mykje laust i topp, og noko meir hardpakka snø innimellom. Berre få stader med is og hardt.
Vi nådde målet kl. 14, etter ca. 4 timar, og med 3 t 15 min. effektiv gonge. Lite vind på turen frå 1800 moh. og inn. På toppen blæs det såpass at vi valde eit kort opphald, og heller tok maten på returen.
Ned valde vi ei anna rute. Fyrst ned retninga vi kom opp frå, så dreiande nordvest (høgre), og sikksakk ned i Knipenborgdalen. Vi slapp oss ikkje heilt ned, men dreia sørvest og via Solhaugen, og ned dette skaret.
Det vart drøfta i gruppa om kva som er rett namn av Sothaug og Solhaugen. Dei eldre i Borgund nytta Sothaug, medan det står Solhaugen på kartet. Det kom argument om at haugen ser svart ut på avstand. Men om vinteren når sola skin på den, blir det veldig tydeleg opplyst.
Laget tok ei ny rast på same stad som når vi gikk opp. Sidan var det å segle dei siste 35 minuttane nedatt til bilane. Returen tok knapt 2 timar, der vel 1 t 30 min i bevegelse.
Vinterturen til Høgeloft kan ein leggje om ulike ruter. Ruta vi gikk opp, kan ein gjerne ta nedatt og. Då får ein jamnare sigling, og kortar retur. Litt brattare nett kneika ved gjelet, og der var det litt is. Mange vel å gå skaret ved Solhaugen tur, retur. Det er skjeldan ein går heilt inn Knipenborgdalen på tur, men den kan egna seg på retur. Dette er avhengig av føre og subjektive vurderingar. Turen opp var 9,6 km, og retur 12,4, og slik vart skituren 22 km i dag.
Dei 7 deltakarane fekk ein fin skitur i svært mektig natur. Det var heil klårt vêr, sett bort frå siste timen. Ja enno betre enn meldt. Under vegs opplevde vi utsikt som innimellom kan ta pusten frå ein. Frå Høgeloft, på grensa mellom aust og vest, er det svært mektig. Takk for ein fin dag 

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.