HHT-tur Sjusjøen - Gåsbu (04.03.2017)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 6h 19min
Distance 60.1km
Vertical meters 801m
GPS
Ascents Mostfjellet (983m) 04.03.2017 10:01
Snørvillen (995m) 04.03.2017 10:19
Ljøsheim (884m) 04.03.2017 11:05
Brumundkampen (826m) 04.03.2017 13:57
Visits of other PBEs Brumundsætra parkering (700m) 04.03.2017 14:24

Kristine og eg skulle være med på turen HHT arrangerer frå Sjusjøen til Gåsbu, så me reiste frå Hamar til Gåsbu kvart over sju og tok buss frå Gåsbu klokka åtte. Vel framme på Sjusjøen kom me oss i gang langs Birkebeinerløypa noko før halv ti. Me tok av frå Birkebeinerløypa etter omtrent ein kilometer, og gjekk i søraustleg retning. Den vanlege traseen fortsette rett fram i mellom Mostfjellet og Sollifjellet. Me hadde eigentleg tenkt oss oppom Sollifjellet, men me orka ikkje brøyte gjennom tjue centimeter laussnø. Derimot følgde me løypa over Mostfjellet og Snørvillen, her går heldigvis skiløypa over toppane. Gjekk deretter den kortaste vegen til Ljøsheim, og der gjekk me oppom det høgaste punktet. Vidare forbi Hamarsætra og Prestsætra til Lavlia. Etter Lavlia tok me den vesle omvegen om Brumundkampen. Frå Brumundsætra tok me kortaste veg til Gåsbu. Det vart ein lang tur, men ein fin tur. Me var ikkje spesielt heldige med været, det var mykje motvind og ein del snøvær.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.