Trysil - dag 2 - Kampflåhøgda (26.02.2017)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 4h 47min
Distance 26.0km
Vertical meters 831m
GPS
Ascents Kampflåhøgda (1,208m) 26.02.2017 15:51
Slettflåhøa (1,154m) 26.02.2017 16:19
Skardhamrane Nord (1,013m) 26.02.2017 16:58
Visits of other PBEs Nyvangsætra (845m) 26.02.2017 14:12
Kristine på veg opp mot Skardhamrane nord, med Slettflåhøa i bakgrunn
Kristine på veg opp mot Skardhamrane nord, med Slettflåhøa i bakgrunn
Eltdalsskardet tidleg på turen
Eltdalsskardet tidleg på turen

Siste dag i Trysil, og siste dag av ferien. Me sov lengje og åt god frukost, før me pakka ut i bilen og gjekk i vegen på skitur. I løpet av natta hadde det komme nesten ti centimeter med nysnø. Det første korte strekket, var ikkje køyrd, men det tok ikkje lang tid før med kom til maskinkøyrde spor. Også denne dagen gjekk me i vegen i hop alle fire, før me sa takk for samværet og skilde lag like nedanfor Nyvangssetra. Siri og Benedicte skulle gå ein litt kortare runde før dei køyrde heim, medan eg og Kristine hadde tenkt oss på Kampflåhøgda.

Varden på Slettflåhøa
Varden på Slettflåhøa

Då vi passerte Nyvangssetra vart det slutt på dei maskinkøyrde spora, men heldigvis hadde det gått nokon før oss og brøyta. Me kunne følgje sporet deira heilt til krysset nedunder Eltdalsskardet, derifrå måtte me brøyte sjølve. Vinden hadde blåst vekk mykje av nysnøen, og det gjekk greitt å gå. Dei siste hundre høgdemetrane opp til Kampflåhøgda var relativt tunge, men dei var vel verdt det når ein kom opp til varden og utsikta. Ned att fann me ut at me ville oppom Slettflåhøgda, der og var det ein fantastisk utsikt. På turen tilbake gjekk me oppom den nørdre av Skardhamrane. Det vart ein skikkeleg flott tur i fantastisk vinter vær. Ein perfekt avslutning på ferien.

Kristine på Kampflåhøga, med Sølen bak
Kristine på Kampflåhøga, med Sølen bak
Kristine forran Skardhamrane nord
Kristine forran Skardhamrane nord

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.