Sulefjellet - skitur med Lærdal turlag (18.02.2017)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Backcountry skiing
Duration 5h 00min
Distance 13.8km
Map
Ascents Sulefjellet (1,812m) 18.02.2017 10:00

Vi parkerte øvst i hyttefeltet Gramstølen. Det var meldt vind på 10 -11 ms. og laget var usikker på valet i dag. Alternativ til tur frå Gramstølen, var tur frå Tyin/Filefjell skiheis i retning Sulebu. Etter litt drøfting valde vi å gjere eit forsøk på topptur frå Gramstølen. Vi kunne snu om vèret blei for ille. Det vart ein fin tur. Lite snø til å byrje med, og hardt. Kun skifeller som gjaldt. Etter ein god halvtime vart føret betre, og det vart ein fin skitur innover. Vi såg atti solauga sjølv om det var skya, og ho varma litt. Det var nok litt vind, men den fekk vi i ryggen. Og det var ikkje snø.

Ved foten av fjelltoppen såg vi på GPS-spor, og vurderte ruteval. Korrigerte litt mot nordvest, og det viste seg at vi fann den beste ruta mot toppen. Då vi nærma oss, blæs det kraftig opp. Vi hadde berre 10 minuttar att, og bestemte oss for å gå siste resten. Det var uaktuelt med toppturbilete, og rast på toppen i dag. Feller av i ein fart, og klargjering av retur. Ein par av oss prøvde å klore oss bort til varden, men snudde då det var vanskeleg å stå oppreist på sjølve topp-platået. Så vi mangla kanskje 2 meter på høgste punktet. Men på Sulefjellet var vi, alle saman :)

Lærdal turlag var 10 på tur i dag. Kjekke folk i alder frå 11 til 70 år. Hyggeleg med god deltaking når vèret var meldt usikkert. Det kom eit fylgje med ytterlegare 10 personar som tok oss att då vi nådde toppen. Dei hadde ulike typar ski, randonee, telemark og vanlege fjellski.

Det vart ei flott sigling nedatt, og greitt føre. Litt laust på toppen og hardt og stabilt underlag. Rett og slett moro. Då vi var vel halvvegs nedatt, rasta vi i ein fin hole, eller grop i terrenget. Siste etappen ned var det litt hardt og lite snø, men vi kom oss trygd nedatt til Gramstølen, og hadde vore 5 timar på skitur.
Fint driv inn Oddedalen og mot Sulefjellet. Bilete av Rolf Engløkk.
Fint driv inn Oddedalen og mot Sulefjellet. Bilete av Rolf Engløkk.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.