Høgstefjellet og Veten i Åsane (14.02.2017)  5

Written by Fjellskoen (Kenneth Vik)

Start point Dalabygda
Endpoint Dalabygda
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 30min
Distance 10.1km
Map
Ascents Høgstefjellet (464m) 14.02.2017
Midtfjellet i Åsane (430m) 14.02.2017
Vardfjellet i Åsane (356m) 14.02.2017
Veten i Åsane (486m) 14.02.2017

Det er truleg siste dag av ein lengre periode med fantastisk vær, den måtte selvfølgelig nyttast. Eg kom seint i gang denne dagen og hadde sett for meg to toppar i Åsane. Etter å ha lest ein av Uncas sine turrapportar på turar i Åsane (Uncas skriver gode beskrivelser og rapportar) falt valget på Høgstefjellet og Veten i Åsane. Kjørte forbi Ikea og fulgte den smale Dalavegen forbi Åsane gamle kirke og heilt inn i enden av Dalabygda, hvor det var ein stor parkering. Fulgte så "den Trondhjemske postvegen" som er skiltet. Denne grusvegen går forbi eit gardstun og oppover dalen er utgangspunktet for desse to flotte fjellturane.

Når vegen flatar ut omtrent etter 200 høgdemeter kjem det fyrst eit skilt "Veten om Ramberget", eg gjekk fyrst inn på denne stien, men denne var svært utydelig, og då eg såg folk gjekk opp ein anna plass valde eg å snu etter om lag 500 meter. Vel 100 meter lenger inne på grusvegen kjem det eit nytt skilt mot Veten, denne stien er tydeleg og god.

Opp og ned samme veg. Nede att på grusvegen er det også skilta godt mot Høgstefjellet som er ein litt lengre tur. Denne stien går gjennom tjukk furuskog. Flott utsikt på begge toppane. Fulgte stien mot søraust ned att, og kom ned på eit jorde ved ein gard.

Brukte ca. 2,5 timar på desse toppane.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.