Bergsdalen - Vaksdal (15.01.2017)
Written by Fjellskoen (Kenneth Vik)
Start point | Øye i Bergsdalen |
---|---|
Endpoint | Flordalen på Vaksdal |
Characteristic | Backcountry skiing |
Distance | 16.5km |
Vertical meters | 730m |
Map |
Ascents | Gløvret (949m) | 15.01.2017 |
---|---|---|
Grånipa (806m) | 15.01.2017 | |
Møyadalsnubben (881m) | 15.01.2017 | |
Storafjellet (950m) | 15.01.2017 |
Me køyrde frå Vaksdal og parkerte bilen på ein liten parkeringsplass rett før Øye på venstre side av vegen rett etter "evighetssvingen". Der i frå gjekk me ca 300 m. langs vegen mot Voss, tok deretter til høgre ned på eit jorde og over brua. Me gjekk "sikk-sakk" mellom nokon hytter og fulgte ryggen opp mot første topp Møyadalsnubben. Ein liten pause på fyrste toppen før det bar vidare mot dei neste toppane, Storafjellet - Gløvret, ytste Gløvret og til slutt Grånipa. Fin nedkjøring frå Gløvret og frå Grånipa. Kom til slutt ned til hyttene på såta og fekk med oss ein flott solnedgang og flott utsikt over Veafjorden. Såg også Bjørnafjorden og vindmøllene på Stord svært godt. Frå Såta stod me på ski litt lenger ned før me til slutt tok av skia og bar dei ned lia til me kom til vegen i Flordalen.
Alt i alt ein flott tur i nydelig vintervær. Tung oppstigning med mykje og urørt nysnø. Mindre snø på høgfjellet.
Fekk testa dei nye fjellskia, Fritjof Nansen frå Åsnes med kortfell. Godkjent, men dog litt for små skisko.
User comments