Åsbøsnytå (25.10.2016)

Geschrieben von kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Tourcharakter Wanderung
Tourlänge 5h 30min
Karte
Besteigungen Bjørndulu (200m) 25.10.2016
Kringlåthaugen (509m) 25.10.2016
Åsbøsnytå (620m) 25.10.2016

Det evigvarande høgtrykket over midt-Norge måtte til slutt gje tapt for lågtrykk frå vest, og dette blei den siste dagen med øyvindver på ei stund. Dette blei og min siste tur i den 7 veker lange eventyrlige haustferien min. Det blei ein relativt kort avslutningstur til Åsbøsnytå. Det var god sti opp frå sør- og austsida. Var oppom ein mindre topp kalt Kringlåthaugen på veg ned igjen.
Det var 2-3 timer med dagslys igjen så eg reiste mot Kvanne og tok ein tur opp til Bjørndulu som har veg opp der det er mobilmast. Parkerte ved Søyset der vidare innkjøring stod skilta forbudt. Skogkledd topp så ikkje særlig utsikt der, men fekk gjee meg varm nok til å ta eit bad i elva til slutt. Det var overraskande nok is i elva nede ved Kvanne bare ein snau km frå utlaupet i fjorden. Det var tydeligvis inversjon med kaldt og kvite marker nede i låglandet, mens det var varmere høgare oppe. Isbadinga var slett ingen fornøyelse, men det var på tide å vaska av meg gammal svette og byta klede.
Etterpå tok eg 18-ferja frå Kvanne til Rykkjem og reiste vidare til Oppdal der eg var på hyggelig besøk hjå JoSo denne kvelden. Dagen etter tok eg fatt på heimturen via Dovre, Valdresflya, Filefjell, Hemsedal, Geilo og Dagali. Overnatta i Dagali før siste dagsetappe heim til Rogaland. Sidan bror min skulle reise vekk siste helga i oktober skulle eg heim for å ta over stedling av garden mens han var vekke. Dermed klaffa det greit at veret snudde denne veka då eg skulle heim likevel.

Skogsveg eit stykke opp til Åsbøsnytå.
Skogsveg eit stykke opp til Åsbøsnytå.
Godt merka sti gjennom skogen.
Godt merka sti gjennom skogen.
På Snytå.
På Snytå.
Trigpunktet står nok ikkje heilt på toppen.
Trigpunktet står nok ikkje heilt på toppen.
Søraust mot Sulatoppane.
Søraust mot Sulatoppane.
Vestover med den skogkledde Bjørndulu midt i bildet.
Vestover med den skogkledde Bjørndulu midt i bildet.
Nordvest mot Strengen.
Nordvest mot Strengen.
Nordaust mot Honnstadknyken i midten bakerst og Fossafjellet t.h.
Nordaust mot Honnstadknyken i midten bakerst og Fossafjellet t.h.
Liten gruvegang på veg mot Bjørndulu.
Liten gruvegang på veg mot Bjørndulu.
Toppen av Bjørndulu med mast og vardebok.
Toppen av Bjørndulu med mast og vardebok.
Utsikt sørover mot Tåga i Trollheimen i bakgrunnen.
Utsikt sørover mot Tåga i Trollheimen i bakgrunnen.
Tok eit isbad under denne brua.
Tok eit isbad under denne brua.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.