Rundtur over Sula (24.10.2016)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Svinviksetra (380m)
Endpoint Svinviksetra (380m)
Characteristic Hillwalk
Duration 9h 30min
Map
Ascents Bollknubben (871m) 24.10.2016
Fossafjellet (790m) 24.10.2016
Gråfjellet (1,105m) 24.10.2016
Indre Sula (1,326m) 24.10.2016
Sula Sør (1,102m) 24.10.2016
Ytre Sula (1,318m) 24.10.2016

Kjørte Blomlivegen (40 kr) kvelden før opp til Svinvikstra som er eit godt utgangspunkt for tur over dei karakteristiske Sulatoppane som er synlige frå store deler av Trollheimen og Nordmøre. Det var god sti opp til Ytre Sula og et par damer var og på tur denne måndagen. Oppe på 1100 moh flater det litt ut og der skar eg ut av stien sørover for å få med meg ein smultring sør for Sula. Derfrå gjekk eg opp sørryggen til Ytre Sula.
Etter ein liten times pause gjekk eg vidare austover til Indre Sula som er 7 m høgare enn Ytre Sula. Den virker adskillig mindre besøkt, men er då heller ikkje like lett tilgjengelig som Ytre Sula. Dei nevnte damene såg eg heller ikkje meir til, men dei hadde skreve seg inn i boka på Ytre Sula.
Hadde planer om nokre ekstra bonustopper denne dagen så eg gjekk nord- og nordvestover til Gråfjellet, Bollknubben og Fossafjellet. Fleire toppunkt på Fossafjellet som eg var oppom før eg snudde sørover igjen i mørket. Det skulle ifølge kartet gå ein anleggsveg langs høgspentlinja ned til Nordvikstra, men den vegen fant eg ikkje. Hadde med lykt så det var uproblemisk å gå langs høgspenten men irriterande å ikkje finna den vegen. Kom til slutt vel ned og kunne sjå tilbake på ein fin tur med god toppfangst denne dagen.

Stistart ved demningen og "Stikk ut" skilt. Ytre Sula har fin profil.
Stistart ved demningen og "Stikk ut" skilt. Ytre Sula har fin profil.
Snart halvvegs oppe til Ytre Sula ved Suloppkommet.
Snart halvvegs oppe til Ytre Sula ved Suloppkommet.
Ytre Sula frå sørsida.
Ytre Sula frå sørsida.
Indre Sula.
Indre Sula.
På toppen av Ytre Sula.
På toppen av Ytre Sula.
Skrøydebok på levarde vest for toppen.
Skrøydebok på levarde vest for toppen.
God utsikt over fjorden.
God utsikt over fjorden.
Bratt klatreparti til Indre Sula. Greit å omgå t.v.
Bratt klatreparti til Indre Sula. Greit å omgå t.v.
På Indre Sula.
På Indre Sula.
Tilbakeblikk mot Ytre Sula.
Tilbakeblikk mot Ytre Sula.
På Bollknubben med Sulatoppane i bakgrunnen.
På Bollknubben med Sulatoppane i bakgrunnen.
Trigpunkt på nordvestkanten på Fossafjellet.
Trigpunkt på nordvestkanten på Fossafjellet.

Zoombilder frå Ytre Sula

Zoombilder frå Indre Sula

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.