Ospefjellet - fisketur, fjelltur, historie og geografitime (01.10.2016)

Skrevet av Eikås (Janne Eikås) GSM

Startsted Ospa
Sluttsted Ospa
Turtype Fottur
Distanse 2,1km
Høydemeter 112m
Kart
Bestigninger Ospefjellet (111moh) 01.10.2016
Andre besøkte PBE'er Ospa sør båtrute (1moh) 01.10.2016

Av det gamle slaget! Dette er turar som er av dei gode og som eg raskt vil tenke tilbake på med eit varmt hjerte. Turar som er kjente ifrå oppveksten, men ikkje minst så er her eit unikt og storslått øyrike av det aller vestlegaste slaget i landet. Det er eit padleeldorado her ute, då ligg Ospa som ei skjult ubudd perle i Nord Solund. Ifrå gammalt av var det her kjente lehavner ifrå seglskutetida. I Ospekyrkja har dei funnet restar med busetnad ifrå steinalder. Det har nok våre eit rikt fiskeliv her ein gong. Restar av store fururøtter i myrane her ute, vitnar om eit anna klima og at kysten var dekka av enorme furuskoger. Men som Danskekongen befalte nedbrent ifrå sjørøvertida ein gong i mellomalderen, etter ordre ifrå styresmaktene i København. På den måten skulle det være vanskeleg for "sjørøverane" å gøyme seg. Å være på fisketur ilag med far min, er igjen som å oppleve ei ny spennande reise i historia og geografitimane og tilbake i tida frå klasserommet. Det er ikkje så mange att, som hugsar igjen alle navna, grunnene, dei gode fiskeplassane og historiene! Det er gull verdt å ta vare på....

Alden 481 moh eller "Norskehesten" alltid eit vakkert skue her ute!
Alden 481 moh eller "Norskehesten" alltid eit vakkert skue her ute!
Litt fiskelykke...Men sant skal seiast at bildet taler fiskens favør :) Men den fikk friheita...
Litt fiskelykke...Men sant skal seiast at bildet taler fiskens favør :) Men den fikk friheita...
Ospefjellet 111 moh ifrå Søre Resevågen
Ospefjellet 111 moh ifrå Søre Resevågen
Ospefjellet 111 moh mot Lihesten i Hyllestad
Ospefjellet 111 moh mot Lihesten i Hyllestad
Ifrå toppen av Ospefjellet mot Alden
Ifrå toppen av Ospefjellet mot Alden
Ospa er eit fantastisk padle eldorado
Ospa er eit fantastisk padle eldorado
Ospekyrkja
Ospekyrkja
Etter første fiskerunde og ein beinstrekk oppom Ospa 111 moh Var det kjekt å dra om bord nokre fine lyremiddager på veg heim!
Etter første fiskerunde og ein beinstrekk oppom Ospa 111 moh Var det kjekt å dra om bord nokre fine lyremiddager på veg heim!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.