Storhornet (30.09.2016)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Skinnset (612m)
Endpoint Skinnset (612m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 45min
Map
Ascents Elghøa (1,446m) 30.09.2016
Storhornet sør (1,549m) 30.09.2016
Storhornet (1,589m) 30.09.2016
Storhornet sørvest (1,589m) 30.09.2016
Veslhornet (1,143m) 30.09.2016
Vinndalskamben (1,412m) 30.09.2016

Fant ein grei parkeringslomme ved Skinnset og sparte dermed p-avgifta på Breen snaut 2 km lenger oppe. Sykla frå Skinnset til Breen og henta sykkelen dagen etter. Frå Breen fulgte eg godt merkt sti opp mot Storhornet, men tok ein avstikker bort til Veslhornet. Snøen hadde byrja å leggja seg over 12-1400 moh nått til dagen før. Siste nått hadde den lagt seg ned til 10-1100 moh, men tinte under 1200 moh i løpet av dagen.
Såg at det kom folk ned frå Storhornet så eg rekna med dei hadde vore på toppen, men til mi forundring såg eg ingen spor i snøen då eg kom inn på stien igjen siste stykket til Storhornet. Ny vardebok inne i steinbua på toppen med rundt 400 namn siste 2 mnd, men ingen hadde signert i den dei siste dagane.
Frisk vestavind og under frysepunktet så eg hadde ein ganske kort pause før eg gjekk vidare sørover forbi den meteorologiske målestasjonen som som blei oppretta i oktober 2015. Den måler temperatur og vind. Ifølge data på yr.no var det maks temp på -0,1 gr og maks vind på 16,0 m/s denne dagen.
Gjekk så vidare over Elghøa og Vinndalskamben, før eg snudde og gjekk ned nordaustover med Munkvollhovden i sikte, men dreide ned mot Skinnset då eg nærma meg Svorundåa. Siste stykket kom eg inn på ein veg som eg fulgte gjennom hytteområdet. Var heldig med opphaldsver på mesteparten av turen, men det kom snøbøyer i kveldinga og det gjekk sjølsagt over til sludd og regn under 1000 moh, men kun ytterkleda mine vart blaute så det var ein heilt OK turdag.

På rv 70 vestover frå Oppdal med Storhornet i sikte.
På rv 70 vestover frå Oppdal med Storhornet i sikte.
Stistart ved Breen parkeringsplass.
Stistart ved Breen parkeringsplass.
Godt merka gjennom bjørkeskogen.
Godt merka gjennom bjørkeskogen.
På Veslhornet med Blåhøa i bakgrunnen.
På Veslhornet med Blåhøa i bakgrunnen.
Mot Storhornet.
Mot Storhornet.
Varde og steinbu på Storhornet.
Varde og steinbu på Storhornet.
Steinbua.
Steinbua.
Sørvestover mot eit tilsynelatande like høgt punkt som trigpunktet.
Sørvestover mot eit tilsynelatande like høgt punkt som trigpunktet.
Mørke skyer over Trollheimen. Litt av Gjevilvatnet t.h.
Mørke skyer over Trollheimen. Litt av Gjevilvatnet t.h.
På veg sørover med tilbakeblikk mot trigpunktet.
På veg sørover med tilbakeblikk mot trigpunktet.
Meteorologisk målestasjon på 1550 moh.
Meteorologisk målestasjon på 1550 moh.
På Elghøa. Nedbør på veg inn frå sørvest.
På Elghøa. Nedbør på veg inn frå sørvest.

User comments

  • -
    avatar

    For en spreking..

    Written by Gråbein 30.11.2016 11:15

    Vannvittig til turaktivitet i det siste. Her har du vært på den toppen jeg har besteget flest ganger. Den er også knall på ski eller noe som glir, sånn litt utpå vinteren. :0)

    • -
      avatar

      Sv: For en spreking..

      Written by kolla 30.11.2016 12:15

      Det går i rykk og napp med min turaktivitet. Var superheldig og fekk tatt et skippertak i sept/ okt. Det er visst skiføre i oppdalsfjella nå. Heldige trøndere/ oppdalinger så har sånne flotte fjell å boltre dåke i!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.