Valen og Saksa (20.09.2016)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Indre Volem (50m)
Endpoint Indre Volem (50m)
Characteristic Hike
Duration 6h 00min
Map
Ascents Krekjefjellet (665m) 20.09.2016
Saksa (902m) 20.09.2016
Valen (487m) 20.09.2016

Gjekk på skogsveg oppover og så på merka sti til Varden. Stien var lite synlig i terrenget, men det var vardebok på toppen og fin utsikt over Halsa og fjorden utanfor. Så ned til Gammeltjørna og kom inn på god sti til Saksa, men tok ein liten avstikker fyrst til Krekjefjellet. Det var lågt skydekke før middag som letta middagstid og det såg lovande ut med sol. Men skodda gjorde retrett og la seg nedpå igjen på rundt 550 moh. Oppe på Saksa var det glimtvis blå himmel rett opp, men skodda låg tjukk rundt så ingen utsikt. På veg ned hadde skydekket heva seg ein del så eg kom raskt under skodda igjen. Fulgte stien og skogsvegen tilbake til parkeringsplassen.

Fin skogsveg eit stykke oppover.
Fin skogsveg eit stykke oppover.
Merka men svak sti til Valen/ Varden.
Merka men svak sti til Valen/ Varden.
På toppen av Valen med Halsa bak varden.
På toppen av Valen med Halsa bak varden.
Vardeboks/ bok på ein stein. Skimter Tustna-topper i bakgrunnen.
Vardeboks/ bok på ein stein. Skimter Tustna-topper i bakgrunnen.
Sørover med Saksa oppe i skodda t.h.
Sørover med Saksa oppe i skodda t.h.
Tilbakeblikk mot Valen i oppstigninga til Saksa.
Tilbakeblikk mot Valen i oppstigninga til Saksa.
Varden på Saksa.
Varden på Saksa.
Ikkje den utsikta eg ønska meg.
Ikkje den utsikta eg ønska meg.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.